Rett til gratis skoleskyss

Mange elevar har rett til gratis skoleskyss. (Foto SFRO)

Elevar på 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skoleskyss. For elevar på 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, har rett til gratis skoleskyss uavhengig av kor langt det er til skolen. I tillegg er det reglar i opplæringslova om skyss for elevar som treng dette på grunn av funksjonshemming eller sjukdom.

Publisert 28.02.2022

Skyss i vidaregåande opplæring

Elevar i vidaregåande skole har rett til gratis skoleskyss dersom dei bur meir enn seks kilometer frå skolen. Rogaland fylkeskommune har søkt om dispensasjon frå dette, og for mange av elevane i den vidaregåande skolen i Rogaland erstattar ordninga med «ungdomspass» gratis skoleskyss. Eitt av vilkåra som må vere oppfylt for å få dispensasjon er at «ungdomspasset» i tillegg til ordinær skoleskyss skal kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei kollektive transportmidla som «ungdomspasset» gjeld for, må også vere godt utbygde og ha jamlege avgangar.

Samla vilkår for at Statsforvaltaren skal kunne gi dispensasjon frå kravet om gratis skoleskyss, finn du i Forskrift til opplæringslova kap.10.

Reglane om rett til gratis skoleskyss i grunnskolen og vidaregåande skole finn du elles i opplæringslova kap.7.

Kven fattar enkeltvedtak?

Det er fylkeskommunen som fattar enkeltvedtak om gratis skoleskyss for elevar i grunnskolen som har lenger avstand til skolen enn skyssgrensene på to og fire kilometer. Fylkeskommunen har også ansvaret for å fatte enkeltvedtak om gratis skoleskyss for elevar i vidaregåande skole som har lenger avstand til skulen enn seks kilometer, og som ikkje bur i eit område som er dekka av «ungdomspasset».

Kommunen fattar enkeltvedtak om rett til gratis skoleskyss i grunnskolen dersom skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg. Både fylkeskommunen og kommunane må følgje reglane i forvaltningslova når dei fattar enkeltvedtak.

Kva er særleg farleg eller vanskeleg skoleveg?

Elevar som ferdast i trafikken vil alltid vere utsette for ein viss fare. «Særleg farleg eller vanskeleg skoleveg» må ein derfor forstå som ein fare utanom det vanlege.

Ved vurderinga av om vegen er ”særleg farleg eller vanskeleg” må alle relevante forhold som gjeld vegen og trafikken kartleggjast. Dette kan mellom anna vere trafikktettleik, vegdekke, breidde, vegskulder, fotgjengarovergangar, fartsdumpar, lys, generell sikt, fartsgrense og ulykkesstatistikk. Ein må vere merksam på at trafikktilhøva kan endrast gjennom årstidene, til dømes når det gjeld lys, sikt, føre og brøyting. Det må deretter gjerast ei vurdering av om den enkelte eleven har føresetnader for å ta seg forsvarleg fram på skolevegen. Ved den individuelle vurderinga må det mellom anna tas omsyn til alder, utvikling, syn og høyrsle.

Nokre kommunar har utarbeidd oversikt over kva vegar som utløyser rett til gratis skoleskyss. Dette kan lette saksbehandlinga i kommunen og føre til einsretta praksis. Det er likevel viktig å merkje seg at det alltid må gjerast ei individuell vurdering av eleven i forhold til dei gjeldande lovkrava. Ein elev på 5. årstrinn kan til dømes ha rett til gratis skoleskyss, sjølv om det er uttalt frå kommunen at berre elevar på 1. til 4. årstrinn skal ha rett til gratis skoleskyss på ein vegstrekning.

Rett til skoleskyss ved delt bustad

Ein elev kan ha rett til skoleskyss frå to heimar om dei har fast, planlagd og regelmessig opphald i to foreldreheimar. Retten gjeld ikkje besøk utanom avtalt eller rettsleg fastsett deling av tida hos kvar av foreldra.

Lovgrunnlag for rett til skyss ved delt bustad

Ved delt bustad er hovudregelen at ein elev har rett til skyss til begge heimar, om avstanden er meir enn 4 kilometer. Denne retten skal gjelde selv om det ene hjemmet ligger i en annen kommune, skolekrets eller annet fylke enn skolen der eleven går. Rundskriv om rett til skoleskyss Udir -2-2019

Det står vidare at: For å gi rett til gratis skoleskyss må elevens opphold hos hver av foreldrene etter være en rimelig fast, planlagt og regelmessig ordning, ikke improviserte enkeltstående besøk utenfor avtalt eller rettslig fastsatt deling av tiden. Det er ikke et krav om at barnet bor like mye i hvert av hjemmene.

Den daglege skyssen skal vere forsvarleg

Kunnskapsdepartementet har avklart at:

Vurderingene må gjøres selvstendig og konkret for begge hjemmene. Elevens skyss skal være forsvarlig og innebære en akseptabel reisetid til begge hjem. Dersom det ene hjemmet ligger slik til at daglig skyss ikke kan organiseres slik at reisetiden er akseptabel, og daglig skyss til dette hjemmet ikke ville være forsvarlig, vil eleven ikke ha rett til gratis skyss til og fra dette hjemmet. Da må foreldrene selv enten revurdere barnets bosituasjon, selv dekke skysskostnadene mellom skolen og dette hjemmet eller la eleven innlosjere.

Klagebehandling

Dersom du har søkt om gratis skoleskyss og fått avslag, kan du klage på dette enkeltvedtaket. Klagen sender du til den som har fatta vedtaket. Søknaden din om gratis skoleskyss skal då vurderast på nytt. Dersom den nye vurderinga ikkje fører til at enkeltvedtaket blir endra, skal klaga sendst til behandling hos Statsforvaltaren. Det er den som har fatta enkeltvedtaket som sender klagen til oss. Statsforvaltaren kan gi deg medhald, delvis medhald eller ikkje medhald. I nokre tilfelle sender vi saka tilbake til kommunen for ny behandling. Vedtaket som Statsforvaltaren fattar, er endeleg.

Retten til eit godt psykososialt miljø på skolevegen

Elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø gjeld også på skolevegen, og dermed også under skoleskyssen. Elevane skal sleppe å oppleve krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme.

Meir om retten til eit godt psykososialt miljø finn du i kap.9a i opplæringslova.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.