Ny mal for tilstandsrapport

Skoleeiegar sin årlege tilstandsrapport har som mål å bidra til større merksemd om kvaliteten på opplæringa. Utdanningsdirektoratet har no kome med ein ny mal for tilstandsrapporten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.09.2021

Kva er ein tilstandsrapport?

Ein tilstandsrapport inneheld vanlegvis både tal og forteljingar. Innhaldet skal vere ei analyse av tilstanden og vise korleis skoleeigar vurderer opplæringa på områda læringsmiljø, elevresultat og gjennomføring/fråfall.

Rapporten skal inngå i det ordinære plan-, budsjett-og rapporteringsarbeidet hos skoleeigar og leggje grunnlaget for vedtak om prioriteringar og tiltak.

Rapporten skal drøftast i kommunestyret, på fylkestinget og i styret ved private skolar.

Rapporten er eigedomen til skoleeigar, og er ikkje del i ei rapporteringskjede. Mange skoleeigarar kallar rapporten for kvalitetsmelding for betre å få fram kva dokumentet skal bidra til.

I arbeidet med dei nye læreplanane og desentralisert ordning kan tilstandsrapporten gi støtte gjennom å lyfte problemstillingar til politisk leiing og synleggjere behovet for prioriteringar og tiltak.

Ny utgåve av tilstandsrapporten

Den nye utgåva er førebels ein betaversjon. Dei importerte tala er rette, men malen er under utvikling og det kan vere at design og funksjonalitet ikkje fungerer heilt optimalt enno. Utdanningsdirektoratet arbeider med å rette opp i dette.

Les meir om tilstandsrapporten på nettstaden til Utdanningsdirektoratet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.