Permisjon frå skulen

Alle barn i grunnskulealder har opplæringsplikt. Det er likevel mogleg å søkje permisjon frå den pliktige opplæringa. Føresegner om dette finst i opplæringslova § 2–11.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.02.2022

Fråværet må vere forsvarleg

Vilkåret for å få permisjon, er at det er forsvarleg å gi eleven fri frå opplæringa. Skulen må vurdere om eleven totalt sett får ein forsvarleg grunnskuleopplæring dersom eleven får permisjon. Om det er forsvarleg å gi eleven fri, må vurderast individuelt for kvar elev.

Skulen kan berre gi permisjon for inntil to veker, 10 skuledagar, om gangen.

Unntak frå opplæringslova

Opplæringslova gir i utgangspunktet ingen rett til permisjon. Unntaket er for elevar som høyrer til andre trussamfunn enn Den norske kyrkja. I slike tilfelle har elevane rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Opplæringsplikta er for desse dagane er foreldra sitt ansvar.

I andre tilfelle er opp til skulen å avgjere om den skal gi permisjon eller ikkje. Samstundes vil det vere tilfelle der det er urimeleg å ikkje gje elevane fri frå skulen. Forvaltningsprinsippet om at like tilfelle må handsamast likt gjeld i alle tilfelle innanfor ein kommune.

Informasjon til foreldre

Mange skular informerer foreldra tidleg om at elevane vanlegvis ikkje vil få fri når dei har nasjonale prøvar, tentamen og liknande. Slik informasjon vil kunne gi færre søknader og klagesaker. 

Enkeltvedtak

Når skulen tek stilling til søknad om skulefri, er det eit enkeltvedtak. Det inneber mellom anna at når skulen avslår ein søknad om skulefri, må skulen grunngi avslaget. Eleven eller foreldra kan klage avslaget inn for Statsforvaltaren.

Opplæringslova

Føresegner om permisjon frå skulen finst i § 2-11 i opplæringslova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar