Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på Langholmen

Høyringsfrist:
16. september 2019

Bertelsen & Garpestad AS har søkt om utfylling i sjø ved eigedomen 47/26 i Eigersund kommune.

Publisert 15.08.2019

Søknaden omfattar utfylling av ca. 26 000 m3 lokal sprengsteinmasse på allereie oppretta utfylling på Langholmen. Føremålet med utfyllinga er å opparbeide tomteareal i samsvar med godkjend reguleringsplan.

Søknaden blir lagt ut til offentleg ettersyn i Eigersund kommune, Rådhuset, Bøckmans gate 2.

Uttaler frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet.

Sjå søknad og høyringsbrev i dokumentlenkene til denne nettsaka.