Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Ny kontroll med forurening frå pukkverk

Kontrollar viser at pukkverk i Oppland har manglande oppfølging av miljøkrav. Støv og støy er største problema, men det kan også bli forureining av bekker. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.11.2018 av Administrator

Fylkesmannen i Oppland har kontrollert korleis pukk- og knuseverk følgjer opp miljøkrava i år. Dei fleste anlegga har manglar når det gjeld handtering av farleg avfall og utslepp av støv til luft. Det manglar ofte god nok vurdering av risiko for utslepp, og det manglar måling av utslepp.

Bedriftene skal ha eit system for å måle utslepp av partiklar til vatn og luft. Det er også støykrav for bedriftene. Krava er fatsette i forskrift for begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) kap 30. Nokre anlegg kan også ha fått strengare krav i løyve frå Fylkesmannen. Elles er det viktig med god avfallshandtering, og det er særlege krav til innlevering av farleg avfall, som f eks oljeavfall.

Støvutslepp og støy kan vere uheldig for naboar, og tilslamming av bekker kan gjere skade på livet i elva. Tungtrafikk til og frå anlegga utgjer også eit miljøproblem. Det er viktig at slike anlegg også er vurderte i kommunen ut frå plan- og bygningslova. Miljøkrav kan også fastsetjast i samband med reguleringsplanar. 

I denne landsomfattande kontrollaksjonen har vi kontrollert sju anlegg med pukkverk i Oppland. Rapportane kan lesast her: 

Rondablikkdokka, Stian Brenden Maskinservice as, Nord-Fron kommune

Myhre grustak i Ringebu kommune, Gunnar Holth Grusforretning as

Kankerud fjelltak as i Gausdal kommune

Åndalen pukkverk i Gjøvik kommune, Veidekke Industri as P&G Lillehammer

Amsrud pukkverk i Gjøvik kommune, Maskinservice as

Hole kalkverk i Vestre Toten kommune, Miljøkalk as 

Lunner pukkverk i Oppenvegen i Lunner, Lunner pukkverk as

 

Miljødirektoratet har oppsummert resultatet av alle kontrollane her.

Resultatet samla sett viser at bedriftene har blitt noko betre på oppfølging av utsleppskrav sidan forrige landsomfattade tilsynsaksjon, som var i 2012. Men det er manglar når det gjeld skriftleg dokumentasjon, f eks avfallsrutinar og vurdering av miljørisiko.

Resultatet samla sett viser at bedriftene har blitt noko betre på oppfølging av utsleppskrav sidan forrige landsomfattade tilsynsaksjon, som var i 2012. Men det er manglar når det gjeld skriftleg dokumentasjon, f eks avfallsrutinar og vurdering av miljørisiko. 

Kontaktpersoner