Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kontroll av pukkverk

Fylkesmannen skal i løpet av sommaren 2018 kontrollere korleis pukkverk følgjer opp miljøkrava. Regelverket krev tiltak mot støv, støy og andre miljøskadelege utslepp.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.06.2018 av Administrator

Kontrollaksjonen er landsomfattande. Sist det vart gjort ein samordna aksjon var i 2012. Myndigheitene ønskjer å bidra til mindre ulemper frå anlegga, og vi vil sjå på korleis miljøoppfølginga i bedriftene har utvikla seg sidan forrige kontrollaksjon. 

Det er sett krav til drift av pukkverk i kap 30 i forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta). Her er krav som skal kontrollerast som gjeld mellom anna støv og støy. Desse reglane gjeld for anlegg som produserer pukk, gus, sand og singel.

Krav til handtering av farleg avfall og anna avfall er også viktige for bedriftene å følgje. Ein pliktar å unngå forureining av vatn og grunn.

Det er også krav til større lagertankar for mellom anna olje og diesel, kap 18 i forureiningsforskrifta.  Miljødirektoratet har utarbeidd ei rettleiing om dette.

Eventuelle oljeutskiljarar krev oppfølging, jf faktaark frå Miljødirektoratet.

Krav om melding

Ifølgje forureiningsforskrifta kap 30 skal nye anlegg og anlegg der det skjer endringar og utvidingar, sende melding til Fylkesmannen på fastlagt skjema. Dette er viktig for at vi skal ha oversikt over verksemder og kunne påverke ved oppstart av nye anlegg. Sjå lenkje til skjema t.h på sida her.

Når anlegg skal etablerast, må det også vurderast i kommunen i høve til plan og reglar i plan- og bygningslova. Visss det kan vere ulemper for naboar, kan ei vurdering etter folkehelselova om miljøretta helsevern i tillegg vere aktuelt.