Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kvelia-Kvesjøen blir utvald kulturlandskap

Fylkesmannen fekk i dag gladmeldinga frå Landbruksdirektoratet om at Kvelia-Kvesjøen i Lierne er eitt av ti område i landet som Landbruksdepartementet har plukka ut til å blir nytt "Utvald kulturlandskap" i allereie frå 2017. Bakgrunnen for at det blir oppretta nye utvalde kulturlandskap no er at ramma til Utvalde kulturlandskap i budsjettforliket i fjor, vart auka for å få med nye område.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2017

Fylkesmannen fekk i desember i fjor i oppdrag av Landbruksdirektoratet om å koma med nye forslag til utvalde kulturlandskap (UKL). Det skulle vera område som kan bli med i 2017 og område som kan koma inn fram mot år 2020. Fylkesmannen hadde ein rask prosess på arbeidet med å plukke ut og foreslå nye område. Dette arbeidet vart gjort saman med fylkeskommunen og fire område og kommunar som etter kvart viste seg å vera aktuelle.  Med bakgrunn i dette foreslo Fylkesmannen Kvelia-Kvesjøen som aktuelt UKL-område frå 2017. Som område som kan koma med fram mot 2010 så foreslo Fylkesmannen dei tre områda Frosta- Frostating, Leksvik-sentrumsområdet og Rostad-Hustad på Inderøy. Om Nord-Trøndelag også får område som skal koma med fram mot 2020 er enno ikkje avklara.

Fylkesmannen er svært fornøgd med at Kvelia-Kvesjøen kom med i utvalde kulturlandskap. Dette gjer at ein får større mulighet til å vidareutvikla eit allereie i dag verdifult område til å bli enda betre. Det er enno ikkje bestemt kva ein skal gjera i området, dette må vi inn i ein prosess med grunneigarar, grendelag, kommunen og fylkesmommunen for å finne ut. Ved at området blir utvald kulturlandskap så har ein fått bekrefta at område har nasjonale verdiar både for kulturminne, biologisk mangfald og kulturlandskap. For å ivareta og utvikle dette vil vi no få tilgang til økonomiske midlar for å gjera noko av dette.