Vil du bli verje?

Oppdatert 02.02.2024

Kva vil det seie å vere verje

Å vere verje er å gje personar med hjelpebehov den hjelp dei måtte trenge innanfor områder av personleg og/eller økonomisk art.

Informasjon

Meir informasjon om det å vere verje finn du på startsida til verjemål, eller på verjemålsportalen.

Eg kan tenke meg å bli verje 

Registrer deg i søknadsskjema, og skriv utfyllande om deg sjølv. Kven er du? Kva har du arbeidt med tidlegare? Kva er motivasjonen din for å bli verje?

Legg også med kopi av CV. Vi vil ta kontakt med deg for ein prat om verjemål og verja si rolle.