Nedetid i sakshandsamingssystemet på verjemål

I samband med ei utskifting av digitalt arkiv for sakshandsamingssystemet til verjemålsforvaltninga, vil me ikkje kunne ta imot dokument eller sende ut vedtak i perioden 6.august til 13.august.

Publisert 30.07.2021

I etterkant av utskiftinga vil det igjen verte mogeleg å sendes digitale søknader gjennom Altinn til oss, og post som har kome i den perioden vert lagt inn til sakshandsaming. Det må difor påreknast litt lenger tid for å få svar på søknader.


Dersom det er hastesaker som ikkje kan vente på sakshandsamingssystemet, må ein ta kontakt per telefon for avklaring.