Purring på innsending til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren ser at vi må bruke svært mykje tid og ressursar på å purre på økonomiske statusar/vergeerklæringar o.l. som det blir bedt om frå verje i vedtak om oppretting av verjemål, endring av verjemål eller i brev om avslutning om verjemål.

Sist endra 05.03.2021

Kva er poenget med økonomisk status ved start og slutt av eit oppdrag?

Grunnen til at verje skal sende inn «økonomisk status» er at Statsforvaltaren skal få ei oversikt over den økonomiske statusen til vedkommande ved oppstart av ditt oppdrag som verje. Du har ikkje ansvar for disposisjonar som gjerast før di oppnemning som verje. Ein gjennomgang av økonomi ved å fylje ut dette skjemaet, er også heilt sentralt for deg som fast verje for å få oversikt i saken og for å kunne ta hand om økonomien til vedkommande som verje. Dette gir oss ei stadfesting på at du som verje har starta å jobbe med saka, og vi veit at verjehaver får den hjelpa vedkommande treng.

 

For å kunne ha tilstrekkeleg informasjon for å fylje ut den økonomiske statusen er det lurt å ta utgangspunkt i den siste tilgjengelege skattemeldinga frå Skatteetaten. Gjennom skattemeldinga vil du få ei oversikt over fast eigedom, kva for bankar det er innskot i, om det er verdipapir/fond/aksjar o.l. og registrert gjeld. Du vil då kunne ta kontakt med dei enkelte instansane for å få oppdaterte tal.

 

Knapp tid til frist for innsending?

Når det verte sett en frist for innsending av «økonomisk status» og «vergeerklæring» genererast det ei oppfølging på saken i vårt sakshandsamingssystem, og vi får automatisk beskjed om å purre når fristen går ut og dette ikkje er motteke. Dersom du ser at tidsfristen i vedtaket verte knapp, gi ei tilbakemelding til oss via melding på Altinn eller ved å ta kontakt direkte med sakshandsamar per telefon eller e-post. Ofte kan det være forsinkelse i utsendinga eller tregheit i postgangen som gjør at det blir ein svært knapp frist. Då sett vi stor pris på ei tilbakemelding på at dette sendes så raskt som råd. Det vil då settast ein ny frist frå sakshandsamar.

 

Økonomisk status, ikke en komplett oversikt

Dersom det er vanskeleg å få en oversikt over gjeld tilhørande vedkommande, er det betre for Statsforvaltaren å få inn ein økonomisk status med det verjen har fått oversikt over innan fristen, enn at man ventar med innsending. Informer oss heller då om at ei meir komplett gjeldsoversikt sendast inn når dette er klart. Det kan i verste fall ta fleire månader å få ei komplett oversikt over gjeldssituasjonen, også fordi mange gjeldspostar ikkje er registrert i siste skattemelding, og personen sjølv heller ikkje har den totale oversikta.

Kontaktpersonar