Informasjon om innsending av årleg verjerekneskap

Verjer med rekneskapsplikt, skal sende inn fullstendig verjerekneskap til Statsforvaltaren 30. april kvart år.

For kvart verjemål plikter du å sende inn:

1. Fullstendigheitserklæring
(årleg erklæring om rekneskap og formuesforvaltning) GA-8042

  • Alle punkt skal svarast på for at erklæringa skal verte godkjent.
  • Dersom du sender erklæringa som papirpost, skal du skrive dato og di underskrift.
  • Hjelp verjehavar med skattemelding for 2023 før du fyller ut fullstendigheitserklæringa.

2. Kontoutskrifter

Kopi av månadlege kontoutskrifter for alle kontoar som du har hatt disposisjonsrett til i verjemålet.

  • Kontoutskrifter frå alle månadar du har vore verje i fjoråret, sjølv om det ikkje har vore bevegelsar på kontoen.
  • Alternativt må det leggjast fram dokumentasjon frå banken på at det ikkje har vore bevegelsar på kontoen siste året.
  • Kontoutskriftene skal sendast slik du får dei frå banken. (Ikkje kopiere dei over i word, excel eller liknande).
  • Det er ikkje tilstrekkeleg å sende inn transaksjonsoversikt frå konto/nettbank.
  • Du skal ikkje sende inn kontoutskrifter for konto som i fjoråret berre har vore disponert av den du er verje for. Då er det nok at du legg ved dokumentasjon med stempel frå bank på kven som har hatt disposisjonsrett til kontoen(ane) i året som gjekk.
  • Dersom teksta ikkje forklarar kva transaksjonen gjeld, skal forklaring førast tydeleg på kontoutskrifta.
  • Alle kontantuttak må forklarast på kontoutskrifta.
    • Du kan evt. nytte pkt. 5.11 i fullstendigheitserklæringa, eller leggje ved forklaring på eige ark.
  • Det er viktig at transaksjonar på kontoutskriftene vert gjort forståeleg for Statsforvaltar og revisor, slik at det går fram kva midlane er nytta til.

Vi minner om at verjehavars inntekt som den klare hovudregel skal betalast til konto i verjehavars namn, og ikkje til verjes konto, bufellesskap eller andre.

Plikten om verjerekneskap følger av verjemålslova § 53, og verjemålsforskrifta § 20 ,1. ledd.

Du skal ikkje sende inn

  1. Skattemelding: Verjehavars skattemelding vert innhenta av verjemålsseksjonen direkte frå Skatteetaten.

Du skal hjelpe verjehavar med å kontrollere, å påføre eventuelle endringar og å sende inn skattemelding til Skatteetaten.  Informasjon om dette finn du blant anna på www.skatteetaten.no og på www.eid.difi.no.

  1. Årsoppgåve: Statsforvaltar innhentar opplysningar i årsoppgava direkte frå Skatteetaten.

 

Slik sender du inn dokumentasjonen

Statsforvaltaren ynskjer digital innsending av verjerekneskapet. Vi oppfordrar alle verjer til å sende inn verjerekneskapet via Altinn.

Viktig å hugse når du sender inn rekneskap via Altinn:

  • Bruk din eigen elektroniske ID når du sender inn verjerekneskapet, ikkje ID til den du er verje for.
  • Alle aktuelle dokument og vedlegg må vere med
    • Bruk korrekt kategori for vedlegga du legg ved. Dersom du legg alle vedlegga på same kategori, vil du kunne få purring på manglande innsending.
  • Du skal ikkje sende papirkopi i tillegg.

For faste profesjonelle verjer er det krav om digital innsending.

For andre verjer er det opna for innsending av verjerekneskap på papir, dersom digital innsending ikkje er mogeleg. Verjerekneskapet må vere samla i ein konvolutt, og sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,  Pb. 2520, 6404 Molde.

Om å forvalte midlar

Vi gjer merksam på at eit verje ikkje skal disponere meir enn 2G (Grunnbeløpet i folketrygda) på vegne av person med verje. Beløp over 2G skal overførast til ein kapitalkonto som Statsforvaltaren skal forvalte på vegne av personen. For nærare informasjon om dette, sjå www.vergemal.no eller kontakt Statsforvaltaren.

Merk: Det skal ikkje vere stifter eller binders på det du sender inn. 

Oppbevar kvitteringar

Vi ber deg være merksam på at du som verje med rekneskapsplikt skal oppbevare alle kvitteringar og vedlegg knytt til verjemålet i minst tre år.

Kvitteringar og vedlegg skal ikkje sendast Statsforvaltaren.


Frist 30. april

Fullstendig/samla rekneskap sendes Statsforvaltaren via Altinn innan 30. april kvart år. Mangelfull levering av fullstendig verjerekneskap innan fristen kan få konsekvensar for ditt verv som verje.

NB: Eventuelle søknadar om Statsforvaltarens godkjenning, honorarkrav, eller anna, i sendast i separat sending,  og ikkje leggjast saman med verjerekneskapet.