Informasjon om framtidsfullmakt

Framtidsfullmakt er eit fullverdig, privatrettsleg alternativ til eit offentleg verjemål. Ordninga vart innført i Noreg som ein del av verjemålsreforma, som trådde i kraft 1. juli 2013. Reglane for framtidsfullmakt finst i verjemålslova kapittel 10.

Sist endra 05.02.2024

Kva er ei framtidsfullmakt?

Ei framtidsfullmakt er ei fullmakt som gjev ein eller fleire personar rett til å representere fullmaktsgjevar, dersom vedkomande på grunn av sinnsliding, av dette demens eller alvorleg svekka helse ikkje lenger er i stand til å ta vare på eigne interesser, jf. verjemålslova § 78.

Kva er forskjellen på eit offentleg verjemål og ei framtidsfullmakt?

Ved oppretting av verjemål vil statsforvaltaren gje ein tredjeperson ei fullmakt til å opptre på vegne av verjehavar. Statsforvaltaren vil då avgjere omfanget av verjemålet, og på kva områder verja kan hjelpe personen som har behov for verje (heretter verjemål). Verja må ha Statsforvaltaren si førehandsgodkjenning for å kunne selje bustad, gje større gåver og gjennomføre andre større disposisjonar på vegne av verjehavar. Verjemålet må då følgje verjemålslova si oppsett når det gjeld mellom anna arveforskot, utdeling av gåver med meir. I tillegg skal Statsforvaltaren føre tilsyn med at verja tek hand om verjehavar i samsvar med regelverket, mellom anna ved å innhente årleg verjerekneskap. 

Når det gjeld framtidsfullmakt bestemmer fullmaktsgjevar sjølv kva områder fullmakta skal omfatte. Framtidsfullmakta gjev dermed fullmaktsgjevar moglegheita til å styre korleis han/ho skal takast hand om, når vedkomande ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv, samt kven som skal ha denne fullmakta.

Kven kan opprette ei framtidsfullmakt?

Alle personar over 18 år, som har kognitive evner til å forstå kva ei framtidsfullmakt inneber, kan opprette framtidsfullmakt.

Kven kan utpeikast til fullmektig i ei framtidsfullmakt?

Den som skal vere din fullmektig må vere over 18 år, seie ja til å vere fullmektig og ikkje sjølv ha verje. Fullmektig kan vere ein eller fleire namngjeve personar. For eksempel familiemedlem, søsken, ektefelle, sambuar, born eller andre kjente.

Det er lurt å peike ut to fullmektige som kan tre inn dersom den fullmektige ikkje kan ta vare på deg og dine interesser likevel.

Statsforvaltaren opplyser om at det må gå fram uttrykkeleg av framtidsfullmakta, dersom fullmektigen skal kunne ta vare på fullmaktsgjevar i saker vedkomande har eigne interesser i (inhabilitet). Fullmektigen vil for eksempel vere inhabil til å kjøpe huset til fullmaktsgjevar. Dersom fullmektigen er born av fullmaktsgjevar vil vedkomande også vere inhabil til å dele ut større gåver eller forskot på arv til seg sjølv og eventuelle søsken.

Kva krav MÅ vere oppfylt for at ei fullmakt skal kunne brukast som framtidsfullmakt?

  1. På grunn av sinnsliding, herunder demens, eller alvorlig svekka helbred er man ikkje lenger i stand til å ivareta sine interesser innan dei områda som omfattast av fullmakta.
  1. Fullmakta må vere skriftleg.
  1. Det må gå fram av fullmakta at den er meint å ha framtidsverknad.
  1. Fullmaktsgjevar skal underteikne fullmakta, eller vedkjenne seg si underskrift, medan begge vitna er til stades. Begge vitna skriv under medan fullmaktsgjevar er til stades.
  1. Fullmakta må vere underteikna av to vitnar som fullmaktsgjevaren har godteke og som er tilstades saman og veit at dokumentet skal vere ei framtidsfullmakt.
  1. Vitna må ha fylt 18 år og ha evne til å forstå betydinga av underskrifta.
  1. Fullmektigen, fullmektigen sin ektefelle, sambuar, foreldre, born og barneborn kan ikkje underteikne som vitne. Vitnar kan heller ikkje ha eigeninteresse i at det opprettast framtidsfullmakt med det aktuelle innhaldet.

 

Bør framtidsfullmakta innehalde noko anna?

 

  1. Framtidsfullmakta bør vere datert. Ved tvil om fullmaktsgjevar eller fullmektigen sin kognitive forståing på opprettingstidspunktet, kan dateringa verte avgjerande. Det kan videre vere lurt å innhente ei legeerklæring med vurdering av om fullmaktsgjevar forstår kva det inneber å opprette ei framtidsfullmakt på opprettingstidspunktet.
  1. Vitna sine adresser og fødselsdato.
  1. Ei erklæring om at vitna med sine underskrifter stadfesta at fullmaktsgjevar har oppretta framtidsfullmakta av fri vilje, og at fullmaktsgjevar på opprettingstidspunktet hadde evna til å forstå framtidsfullmakta si betyding.

 

Når trer framtidsfullmakta i kraft?

På det tidspunktet fullmaktsgjevar ikkje lenger greier å ta vare på seg sjølv.

 

Må framtidsfullmakta sendast til statsforvaltaren for stadfesting?

Nei, det må den ikke. I loven står det at fullmektigen kan be Statsforvalteren om å stadfeste framtidsfullmakta. Det er altså opptil framtidsfullmektigen å bestemme om vedkomande ønsker statsforvaltaren si stadfesting, jf. verjemålslova § 84. Statsforvaltaren opplyser om at Statens Kartverk krev stadfesting ved overdraging av fullmaktsgjevar sin eigedom.

 

Kva må framtidsfullmektigen sende inn for å få framtidsfullmakta stadfesta av statsforvaltaren?

 

  1. Utfylt søknad om stadfesting av at en fremtidsfullmakt er trådt i kraft, skjema GA-8046 B, tilgjengeleg på vergemal.no.
  1. Original framtidsfullmakt.
  1. Dokumentasjon på at fullmaktsgjevar sine nærmaste pårørande er varsla om fullmakta si ikraftsetjing og innhald (skriftleg stadfesting).
  1. Legeerklæring om fullmaktsgjevar sin aktuelle helsetilstand. 

Diagnose(r) - Evne til å ta vare på eigne interesser i økonomiske- og personlege forhold - Om ein eventuell manglande evne til å ta vare på eigne interesser har samanheng med vedkomande si diagnose - Vurdering av fullmaktsgjevar sin samtykkekompetanse når det gjeld personlege og økonomiske interesser

 

Originale dokumenter sendast tilbake til fullmaktsgjevar saman med attesten når den er tinglyst og registrert.