Skattemeldinga for verjer

Statsforvaltaren ønsker å informere om følgande vedrørande skattemeldinga til verje:

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Sist endra 06.03.2021


Kor skal frådrag for verjegodtgjeringa skrivast inn i skattemeldinga, når det er personen med verje sjølv som utbetaler godtgjeringa?

Svar:
Skattemeldinga er delt inn i tema. Under temaet kostnadar og frådrag knytt til arbeid og andre inntekter, ligg «Dine kostnadar». Klikk «Endre» og «Legg til fleire opplysingar».

Trykk «Verjegodtgjering» i nedtrekkmenyen og legg inn beløp til frådrag. Verjegodtgjeringa visast i endra skattemelding som «andre frådrag» og kjem som eit tillegg til minstefrådraget.

Foto: Skjermdump fra Skatteetaten.no.

 


Kor finns ei utskriftsvennleg utgåve av skattemeldinga som rekneskapspliktige verjer kan sende til Statsforvaltaren som ein del av verjerekneskapet?

Svar:
Alle skattepliktige vil få tilgang til den ordinære skattemeldinga i PDF-format i Altinn etter en gitt dato som Skatteetaten kunngjer. I Altinn kan både førehandsutfylt og korrigert skattemelding hentast ut og leverast som ein del av verjerekneskapet.

Foto: Skjermdump fra Skatteetaten.no.