Tilskot til rettleiing i spesialiteten allmennmedisin

Søknadsfrist:
16. november 2021 23:59
Målgruppe:
Legar i spesialisering i allmennmedisin
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søke:
Kommunane

Kommunar kan søkje om tilskot for rettleiing av allmennlegar (LIS 3 i allmennmedisin). Ein søkjer i Altinn, og søknadsfrist er 16.november 2021.

Publisert 28.04.2021

Tilskotsordninga for rettleiing av allmennlegar (LIS 3 i allmennmedisin) er vidareført.

Målet med tilskotsordninga er å kompensere for kostnadar til rettleiing av legar i spesialisering i allmennmedisin, i samsvar med Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger §2.
Kommunane søkjer tilskot til dekning av kostnadar for rettleiing i spesialiteten allmennmedisin med inntil tre timar rettleiing, samt ein time førebuing/etterarbeid for rettleiar, totalt fire timar- per månad i 10,5 av årets månader (jf. Spesialistforskrifta § 25). Tilskotet vert berekna gjennomsnittleg og utbetalt i samsvar til kor mange månader med gjennomført rettleiing. Samla tilskot på 42 timer per år vert utbetalt med 3,5 timar per månad i 12 månader. Timesats var kr 1000 i 2020. Søknadar må sendes via Altinn. Det kan berre førast opp ein lege i kvart søknadsskjema, men kommunen kan velgje om dei vil sende ein søknad per lege per år eller ein samla søknad for fleire år.
Søknad sendes elektronisk i Altinn via Helsedirektoratets nettsider.

Søknadsskjema og lenke til regelverk til tilskotsordninga finn du her: https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/veiledning-ispesialistutdanning-i-allmennmedisin-LIS3

Søknadsfrist:
16. november 2021 23:59
Målgruppe:
Legar i spesialisering i allmennmedisin
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søke:
Kommunane