Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til kommunale tiltak for å lette på konsekvensar av smitteverntiltak for barn og unge

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
12. mars 2021
Målgruppe:
Barn og unge med psykisk liding som påverkast av konsekvenasr av smittetiltak under pandemien
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal

Fleire barn og unge opplev negative konsekvensar grunna smitteverntiltaka knytt til Covid-19. For å lette på konsekvensane smitteverntiltaka kan få for barn og unge med psykiske plager og lidingar, er det sett av nærare kr 400 000 til tiltak i Møre og Romsdal. 

Publisert 22.02.2021

Kommunane kan søke om støtte til følgande føremål/tiltak:

  • Etablere og oppretthalde lågterskeltilbod
  • Tilpassa og oppsøkande hjelp til barn og unge med psykiske plager og lidingar gjennom pandemien.

Det er ikkje laga søknadsskjema for tilskotet. Vi ønsker ein kortfatta søknad med oversikt over følgande:

  • Kort framstilling av utfordringsbilete og kor mange brukarar ein ønsker å nå
  • Mål, tiltak og eventuelle samarbeidspartar
  • Budsjett og søknadssum

 

Vi ber om at søknader vert merka med:

  • Saksnummer 21/995
  • Organisasjonsnummer
  • Kontonummer/eventuell merking av utbetaling

Tilskotet vert utlyst med atterhald om Stortinget si godkjenning.

Søknadsfrist 12.mars 2021

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
12. mars 2021
Målgruppe:
Barn og unge med psykisk liding som påverkast av konsekvenasr av smittetiltak under pandemien
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal