Årsrapport 2020

Dei nye kommunane i fylket, koronapandemi, overgang til digitale møter og satsing på klimaomstilling og samfunnstryggleik er nokon av hovudpunkta i årsrapporten som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for året 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2021

Rapporten frå 2020 er den siste med avsendar «Fylkesmannen i Møre og Romsdal». Frå 1. januar i 2021 ble namnet nytt: «Statsforvaltaren i Møre og Romsdal».

Heile rapporten kan du lese her … 


Her følgjer delar av årsrapporten sine punkt 1.1. "Fylkesmannens beretning" og punkt 5. "Vurdering av framtidsutsikter".

Store endringar

2020 representerte store endringar for Møre og Romsdal, ved at talet på kommunar vart redusert frå 35 til 26. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjennom året hatt tett dialog og oppfølging med dei nye kommunane. Inntrykket så langt er at overgangen frå samanslåingsprosjekt til å vere ein ny kommune har vore krevjande. Behovet for å bygge felles kultur og god samskaping vart og til ei viss grad hindra av  Koronapandemien. 

Kommunebesøk

Etter kommunevalet i 2019 hadde Fylkesmannen i Møre og Romsdal utarbeidd ei plan for kommunebesøk i alle kommunane i fylket våren 2020. Målgruppa her var dei nye kommunestyra, samt administrativ leiing i kommunane. Føremålet med møta var primært politikaropplæring, men det var og eit godt høve til å informere politisk og administrativ leiing om andre aktuelle saker. Vi rakk å gjennomføre møter med 6 kommunar før Norge vart stengt ned i mars 2020. Etter pandemiutbrotet har det ikkje vore mogleg å vidareføre desse møta i denne forma. Vi har i staden gjennomført digitale dialogmøter med alle kommunane, der politisk og administrativ leiing har vore til stades. Vi har fått gode tilbakemeldingar for at dette er ei nyttig og effektiv møteform. Vi legg difor opp til digital kommunedialog og i 2021.

Strategiplan

Fylkesmannen si Strategiplan gir rammer og retning for vegval, vurderingar og vedtak knytt til arbeidsoppgåver forankra i Fylkemannens embetsoppdrag. Vi skal i planperioden arbeide aktivt for å ha høg måloppnåing innan alle embetsoppdrag, og samstundes prioritere utvalde tverrfaglege satsingsområde. For perioden 2020- 2023 har vi Klimaomstilling og Samfunnstryggleik og beredskap som tverrfaglege satsingsområde.  

Pandemi

Fylkesmannen skal bidra til at alle sektorar handterer utbrotet av Covid-19 på ein trygg og effektiv måte. Fylkesmannen har ei viktig rolle i dette arbeidet, gjennom å bidra til kunnskapsdeling, rettleiing, tilsyn og koordinering. Vi har brukt mykje ressursar på dette, og involvert store deler av organisasjonen i vårt arbeid med å handtere pandemien. Pandemien måtte handterast , og vi ser at dette  til ein viss grad gått ut over andre oppgåver.

Trass i  utfordringane Koronapandemien har ført med seg er måloppnåinga for 2020 gjennomgåande god, og vi har klart å redusere sakshandsamingstida på mellom anna på helseklagar.

Da samfunnet vart stengt ned i mars, vart våre tilsette sendt på heimekontor. Digitale løysingar fungerte godt og vi hadde få utfordringar med å halde produksjonen oppe. I juni starta vi med ei sakte tilbakeføring av dei tilsette til kontora, før vi igjen måtte tilbake til heimekontor ved årsskifte 2020/2021.

Digital utvikling

Overgangen til heimekontor har og gjort at vi har gjort kvantesteg i digital utvikling og bruk av teknologi som verktøy for å løyse enda fleire delar av våre oppdrag. I tillegg til å gjennomføre digitale kurs, konferansar og tilsyn, har vi gjennomført digitale rekrutteringsintervju, digital statsborgarskapseremoni og digital juleavslutning for tilsette og pensjonistar. Vi har gjennomført evaluering av ulike webinar og samlingar, og tilbakemeldinga frå kommunane er gode. Dei peiker på at dette er effektivt, dei brukar mindre ressursar trass i at fleire får ta del.

Fremtidsutsikter

Hausten 2019 arrangerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal ei "skrivebordsøving" med våre kommunar kor temaet var pandemi. Då vi kom eit stykkje ut i øvinga, og skulle vurdere kva som skulle skje med skular og barnehagar, vart det av deltakarne konkludert med at "så langt og så galt kunne det neppe gå". Men det skulle bli mykje verre...

I det denne årsrapporten skrives, så er det vanskeleg å vere konkret om forventa utvikling. Imidlertid kan Fylkesmannen peike på områder kor det er stor grunn til uro og særskilt merksemd pga koronaen:

Ein koronagenerasjon

Får vi ein eigen "koronagenerasjon"? Born og unge/studentar som har måtte sette "livet" på vent, einsemda som har vorte ei ekstra stor utfordring for mange og talet på bekymringsmeldingar for barn og unge til barnevernet som har auka mykje. Kva følgjer får dette for framtida deira ?

Vi har eit næringslivet som slit, og mange som har mista jobbane sine. Kor lang tid vil det ta før vi er tilbake der vi var? Eller mest sannsynleg så kjem vi
aldri tilbake der vi var. Koronapandemien har gitt oss nye moglegheiter.

Optimisme

I optimismens teikn så kjem det og noko godt ut av pandemien. Meir fokus på klima, mindre tid og ressurar går med til reising og i staden har det
blitt digitale møter. 

Ressursar i små kommunar

Pandemien har vist oss kor sårbar og krevjande det er mhp ressursar i dei små kommunane. I vårt fylke er det fortsatt behov for fleire kommunesamanslåingar for å møte utfordringane med mange eldre og låge fødselstal i tida framover.