Fylkesmannen i Møre og Romsdal er på Facebook

Frå og med 1. september vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal poste innhald retta mot eigne målgrupper på Facebook.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2020

Fylkesmann Rigmor Brøste ynskjer velkomen til Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FMMR) si Facebookside.

– Endeleg er vi her, seier ho. 

På Facebook vil FMMR dele aktuelle saker og arrangement for eigne målgruppe.

– Både media, kommunar, verjer – ja alle innbyggjarar i fylket er velkomne til å følge, like og dele det vi postar på Facebook, seier Fylkesmann Brøste. 

Samtidig seier Fylkesmannen at dei ikkje svarar på spørsmål om saker som er til behandling i sosiale media.

– Om nokon ønskjer eit formelt svar frå Fylkesmannen, eller at det blir sett i gang ei sak, må dei fortsett bruke dei moglege kanalane dei finn under "kontaktfana" på FMMRs nettside, seier Brøste.

Lenke til sida er: https://www.facebook.com/fmmr.no