Pressemelding

Fylkesmannen rosar beredskapsarbeidet i kommunane

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.01.2016

Etter «stormen Dagmar» har det vore gjort mykje godt beredskapsarbeid i kommunane, dette såg vi tydelig i går – då ekstremêret Tor råka oss.

Kommunane var godt budde på å ta i mot «Ekstremvêret Tor». Innbyggjarane har lytta til råd, og førebudd seg godt på uveret.

- Eg er særs godt nøgd med alle aktørane i fylkesberedskapsrådet og kommunane, seier Fylkesmann Lodve Solholm. Alle har lært av Dagmar.

Fylkesmannen er veldig glad for at det til tross for noko materielle skadar, så langt vi veit, ikkje har vore personskadar.

Det har vore veldig god kvalitet på vêrvarslingane, og media har gjennom si dekking av uvêret sørga for god publikumsinformasjon.

Takk til alle som har bidrege til at vi denne gangen greidde å unngå ein ny «Dagmar»!