Fylkesmannen blir statsforvaltaren

Frå 1. januar 2021 får fylkesmannen den nye, kjønnsnøytrale tittelen statsforvaltar.

Publisert 26.10.2020
Rigmor Brøste blir dermed den første statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
 
− Fleire namnalternativ vart drøfta. Tittelen som er landa, statsforvaltar, er god. For det første er den kjønnsnøytral, og for det andre gir den eit klart skilje mellom stat og fylke. Slik det har vore fram til i dag med Fylkesmann og Fylkeskommune, har det vore vanskeleg for folk fleste å skilje kven som har ansvar for kva. Ny tittel gjer dette enklare. Statsforvaltar får fram det som er hovudoppgåva vår: Vi har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltarane har og ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, som tverrsektoriell samordnar og rettssikkerhetsinstans overfor innbyggjarane, seier Brøste.
 
Ho meiner at den nye tittelen ikkje er glamorøs, som nokon i media har diskutert. − Eg vil heller seie at den er byråkratisk, men det må vi leve godt med.

Her følger pressemeldinga frå kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Vi vidareførar tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn. Samstundes blir skilnaden mellom statens regionale representant og fylkeskommunen tydelegare, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Regjeringa fatta i mars vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal gjerast om til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Det gjeld mellom anna fylkesmannen – både tittelen på stillinga og namnet til verksemda.

Departementet har fått mange gode og kreative namneforslag, mellom anna i sosiale medier.

− Vi har drøfta fleire alternativ, men landa til slutt på tittelen statsforvaltar. Det som i dag er fylkesmannen i Trøndelag, blir frå 1. januar statsforvaltaren i Trøndelag, seier Astrup.

Statsforvaltarane har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Dei har og ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, tverrsektoriell samordnar og rettssikkerhetsinstans overfor innbyggjarane.

− Nytt namn er sjølvsagt interessant, men det viktigaste er at statsforvaltarane framleis vil ha ei svært sentral rolle i det norske samfunnet, seier Astrup.

I desse tider har fylkesmennene ei heilt sentral rolle i handteringa av koronapandemien i fylka sine. Dei har faste møter med sentrale helse- og beredskapsstyremakter og kommunane for å informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Fylkesmennene har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyremakter og kommunane.