Fungerande fylkesmann i Møre og Romsdal

Frå 01.01.2019 blir Rigmor Brøste fungerande fylkesmann i Møre og Romsdal. Lodve Solholm går av med pensjon 31.12.2018.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.12.2018

Det er Else-May Botten som er utnemd til ny fylkesmann i Møre og Romsdal, men då ho er vald inn på Stortinget, kan ho tidlegast tiltre 01.10.2021

Jamfør statsansatteloven skal alle stillingar med varigheit ut over 1 år, lysast ut offentleg. Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) har difor lyst ut eit midlertidig embete som fylkesmann i Møre og Romsdal, der søknadsfristen er 3. januar.


I Brev frå KMD heiter det at Rigmor Brøste skal fungere som fylkesmann inntil den midlertidige fylkesmannen er på plass.