Utdeling av KLIMASNUprisen på årets Nyttårskonferanse

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen. Denne delast ut på Nyttårskonferansen 13.01.21.

Publisert 11.01.2021

Prosjektet Møre og Romsdal 2025 inviterar til digital Nyttårskonferanse 13.01.21. Programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, KS, NAV og Ungdomspanelet  
Alle som ønsker kan delta gratis.

KLIMASNUprisen skal delast ut som påskjøning for særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i Møre og Romsdal. Løysingane kan gjerne vere lokale og eksempelvis knytt til energibruk, avfall, innkjøp, transport eller tilpassing til klimaendring.

Les meir om programmet og finn lenkje til streaming på Fylkeskommunen sine nettsider: https://mrfylke.no/kalender/plan-og-analyse/nyttaarskonferansen-2021