Søk om tilskot til Klimasats 2021 no!

Innan 15. mai kan kommunar søke om klimasatsmidlar for ladepunkt, for meirkostnader grunna klimatiltak i innkjøp og for karlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.

Publisert 27.04.2021

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Regjeringa har 100 millionar kroner til ordninga i statsbudsjettet for 2021.

Støtteordninga driftast av Miljødirektoratet og skal fremme klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar. Ordninga skal bidra til at kommunen integrerer klimaomsyn i sine aktivitetar ved å gi tilskot til prosjekt som bidrar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Videre skal ordninga bidra til at kommunen styrker rollen som samfunnsutviklar og drivar som legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar.

No, 15. mai, kan ein søke om tilskot for:

  • meirkostnader grunna klimatiltak i konkrete anskaffelsar/innkjøp
  • tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg
  • ladepunkter for kommunale elbilar
    (kun for kommuner som har fått lite eller ingen støtte til dette) tidligere

Sjå nettsida til Miljødirektoratet for meir informasjon ….