Nest siste sjanse! - Klimasats 2021

Innan 15. august kan kommunar søke om klimasatsmidlar for ladepunkt, for meirkostnader grunna klimatiltak i innkjøp og for kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.

Publisert 04.08.2021

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Regjeringa har 100 millionar kroner til ordninga i statsbudsjettet for 2021.

Støtteordninga driftast av Miljødirektoratet og skal fremme klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar. Sjå nettsida til Miljødirektoratet for meir informasjon

No, 15. august, kan ein søke om tilskot for:

  • meirkostnader grunna klimatiltak i konkrete innkjøp
  • tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg
  • ladepunkt for kommunale elbilar
    (berre for kommunar som har fått lite eller ingen støtte til dette før)

 

Ladepunkt for kommunale elbilar

Kristiansund, Vanylven, Herøy, Stranda, Sykkylven, Sula, Giske, Aukra, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Smøla, Sunndal og Aure har enda ikkje søkt om ladepunkt for kommunale bilar. Det kan vere lurt å søke om dette i løpet av 2021, sidan kommunar som ikkje tidlegare har søkt blir prioritert i år.

Oversikt over kommunar i Møre og Romsdal som har søkt om ladepunkt for kommunale elbilar:

Prosjektnamn

Søker

Tilskot

År

Status

El-billadere til kommunale tjenestebiler

RAUMA KOMMUNE

380 000

2021

Under gjennomføring

Ladepunkt kommunale tenestebiler

SANDE KOMMUNE

200 000

2021

Under gjennomføring

Ladepunkt ved hjemmetjenesten og Teknisk drift

SURNADAL KOMMUNE

201 000

2021

Under gjennomføring

Ladepunkter el-kjøretøy

HUSTADVIKA KOMMUNE

200 000

2021

Under gjennomføring

Søknad om 10 ladepunkt til kommunale tenestebilar

FJORD KOMMUNE

160 000

2021

Under gjennomføring

Hareid Rådhus. - Fem ladestolpar for elbil

HAREID KOMMUNE

200 000

2020

Gjennomført

Ladepunkt i Volda kommune

VOLDA KOMMUNE

440 000

2020

Under gjennomføring

Ladepunkt til bildelingsordning i Ålesund

ÅLESUND KOMMUNE

700 000

2020

Under gjennomføring

Ladepunkt til tenestebilar - Surnadal kommunehus

SURNADAL KOMMUNE

29 756

2020

Under gjennomføring

Elbilar + ladepunkter teknisk etat

STORDAL KOMMUNE

140 000

2019

Gjennomført

Ladepunkt kommunale tjenestebilar

ØRSTA KOMMUNE

560 000

2019

Gjennomført

Ladestasjonar på Liabøen og kommunal elvarebil

HALSA KOMMUNE

150 000

2019

Gjennomført

Oppladet for lange Molde

MOLDE KOMMUNE

185 715

2019

Under gjennomføring

Ladestasjon for elbil og elsykkel

ULSTEIN KOMMUNE

200 000

2017

Gjennomført

Haram kommune - miljøvennlig transport

HARAM KOMMUNE

160 000

2016

Avlyst

Ladestasjoner i Vestnes kommune

VESTNES KOMMUNE

200 000

2016

Gjennomført

Kontaktpersonar

Lenkjer