KLIMASNUpris til innkjøpssamarbeid

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre vinner KLIMASNUpris.

Publisert 13.01.2021

– Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre har oppnådd resultat som har gitt fylket ei positiv utvikling med omsyn til klima, seier statsforvaltar Rigmor Brøste. Ho delte ut prisen på Nyttårskonferansen for leiarar i kommunar og i regionale statlege verksemder i Møre og Romsdal i dag. 

Innkjøp med fokus på miljø og klima

Innkjøpssamarbeidet har inngått fleire store rammeavtaler for innkjøp med fokus på miljø og klima.

– Dei har mellom anna inngått rammeavtaler for skolemøblar med fokus på ombruk, reperasjon og oppussing, fortel Brøste.

Innkjøpsarbeidet er et samarbeid mellom 14 kommunar på Sunnmøre.

– Framover vil prosjektet gje ei positiv utvikling i fylket ved å førebu marknaden på framtidige klimakrav innan transport. Dei utviklar også rettleiing og prosedyrar for grøne innkjøp innan transport, bygg og anlegg, emballasje, plast og mat, seier Brøste.

Ho seier at prosjektet har stor overføringsverdi for dei resterande kommunane i fylket og er i tråd med berekraftsmåla.

For første gong

KLIMASNU-prisen delast ut for første gong i år. Det er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som står bak prisen. Prisen er på 10 000 kronar, samt ein diplom. Den delast ut som påskjønning til nokon som har vist særleg engasjement i arbeidet med klimavennleg omstilling i fylket.  

– Med «klimaomstilling» meiner vi omstilling til eit samfunn med mindre utslepp av klimagassar. Vi meiner også omstilling slik at vi er klar til å takle dei endringane i klimaet som allereie er her og dei som kjem, fortel klimakoordinator hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Anne Melbø.

KLIMASNUprisen skal motivere til vidare arbeid med klimaomstilling ved å trekke fram dei gode eksemplane på lokalt klimaarbeid i Møre og Romsdal.

– Klimaendringane er ei av dei største utfordringane vi står overfor. Statsforvaltaren skal medverke til gjennomføring av den nasjonale klima- og miljøpolitikken. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har derfor klimaomstilling som eit satsingsområde i perioden 2020-2024. Satsinga har fått namnet Klimasnu, seier Melbø.

Vil motivere til klimaomstilling

Anna Zäll, prosjektledar i Innkjøpssamarbeidet og rådgivar i Ålesund kommune, tok imot prisen saman med Jonny Indrevåg, innkjøpssjef i Ålesund kommune.

– Det er fint å sjå at arbeidet vårt blir verdsett. Det aller beste med å få prisen synst eg er at dei som har tatt på seg ansvaret for å få prosjektet på plass, og for å gjennomføre prosjektet på ein god måte, blir «lønna» for initiativ og engasjement, seier Zäll.

Ho håper at prosjektet motiverer leverandørane på Sunnmøre.

–  Det å velje meir miljøvennlege alternativ der det er mogleg, er veldig viktig for klimaomstillinga i samfunnet, seier Anna Zäll.