Klimasnu!

Det haster. Vi må snu oss rundt og stoppe klimaendringane no! Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal gjere det vi kan for at klimaendringane blir så små som mogleg. Det krev ei klimaomstilling – ein klimasnu.

Publisert 19.11.2020 av Administrator

Klimasnu er den eine av to hovudsatsingar hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal dei neste fire åra.

– I tråd med visjonen vår – ei trygg framtid for folk og natur – skal vi bidra til reduserte klimagassutslepp i fylket. Vi vil ha eit samfunn som er godt å bu i, og som er tilpassa eit klima i endring, seier prosjektleiar for Klimasnu Anne Melbø.

Omstilling til eit nytt klima

For samfunnet er i endring, og er alt endra. Gjennomsnittstemperaturen i Noreg har gått opp med ein heil grad. Vi har til dømes fått meir ekstremver, spesielt styrtregn.

Melbø fortel at mange stader i fylket ikkje er klare til å takle klimaendringane. I Møre og Romsdal finst mange bygg som ligg utsett til både for skred og flaum, og det er mykje infrastruktur som ikkje er bygd for å takle alt styrtregnet.

– Klimasnu skal være med på å omstille oss til dette nye klimaet, samtidig som vi skal gjere det vi kan for at klimaendringane blir så små som mogleg.

Ambisiøse klimamål

Prosjektet er i gang. Det vart oppretta for å løyse dei oppdraga Statsforvaltaren har fått innanfor klima. Statsforvaltaren skal ha dialog og formidle relevant kunnskap og informasjon. Oppdraget er først og fremst retta mot kommunane i fylket. Kommunane skal sette ambisiøse mål for klimagassreduksjon, og gjennomføre tiltak for å nå måla.

– Om vi skal klare oppdraga vi har fått, må alle sektorar i fylket ha kunnskap og ta omsyn til klimaomstilling i alt vi gjer. Vi har ikkje mange åra på oss om vi skal klare målet og stoppe utviklinga på 1,5 graders auke i gjennomsnittstemperatur. Vi må omstille samfunnet til eit levesett som ikkje krev fossilt brensel og overforbruk av naturressursar. Vi må halvere utsleppet av klimagassar dei neste ti åra og ha eit netto null-utslepp innan 2050. Vi har altså inga tid å miste, seier Anne Melbø.

Motivere til klimatiltak

Sjølv om dei fleste oppdraga innan klimaomstilling er retta mot kommunane, skal statsforvaltaren også ta initiativ til samordning overfor andre statlege verksemder og også næringslivet for å nå dei nasjonale måla innanfor klima. I Klimasnu ligg altså mykje motivasjonsarbeid – å motivere alle aktørar i samfunnet, og da spesielt kommunane.

Statsforvaltaren vil at alle kommunane i fylket skal etablere klimabudsjett og klimarekneskap som styringsverktøy, og at dei har klima som eit viktig omsyn i alle innkjøp. Klimarekneskapet viser dei faktiske utsleppa ei verksemd står for og tiltak for å redusere utsleppa. Eit klimabudsjett viser kor mykje verksemda planlegg å kutte sine utslepp med over tid.

– Vi vil opprette god kontakt og god kommunikasjon med kommunane, fylkeskommunen og statsetatane i arbeidet. Og så vil vi trekke fram gode eksempel på lokalt klimaarbeid i vårt fylke. Det siste skal vi gjere mellom anna ved å dele ut KLIMASNUprisen. Den skal delast ut kvart år på nyttårskonferansen der alle leiarane frå kommunane, fylkeskommunen og dei statlege verksemdene møtes, fortel Melbø.

Ein kvar kan bidra 

Klimasnu er ikkje retta direkte mot den einskilde innbyggar. Ein kvar kan likevel bidra ved å engasjere seg i utforminga av klimatiltak i sin kommune.

– Tenk gjennom kva du treng av tilrettelegging frå kommunen si side for å minske ditt utslepp. Kva skal til for at du skal sleppe å bruke bil til alle dei daglege gjeremåla dine? Kanskje du ynskjer å nytte delingsordningar for elbil eller anna utstyr? Kan kommunen gjere noko slik at du kjem ut av «bruk og kast» mønsteret, eller gjere det lettare å nytte berekraftig mat, spør Anne Melbø – og oppfordrar folk til å tipse kommunane om behova sine.

Anne Melbø er prosjektleiar for Klimasnu.