Digitalt kurs i klimabudsjett

Ønsker du å lære meir om klimabudsjett? 27. januar 2021 vil rettleiaren for klimabudsjett som styringsverktøy bli lansert. Kommune-Noreg inviterast til digital konferanse.

Publisert 16.12.2020 av Anne Melbø

Konferansen blir frå kl 12.00 - 13.30. Her vil du mellom anna få lære om:

  • korleis klimabudsjett kan nyttast som verktøy i klimapolitikken
  • kva inneheld rettleiaren og kva kan den nyttast til?
  • kva er eit klimabudsjett?
  • tips og råd til å lage klimabudsjett
  • erfaring frå kommunar som har laga klimabudsjet

Meld deg på her!