Marine verneområde2

Naturmangfaldlova inneheld heimel for å kunne verne natur etter fleire kategoriar. Marine verneområde etter § 39 er ein eigen vernekategori for vern som berre omfattar sjøområde. Marine verneområde kan opprettast for å ta vare på marine verneverdiar, også naturverdiar som landlevande artar er avhengige av.

Verneformålet kan omfatte verdiar knytt til sjøbotn, vass-søyla, overflata eller ein kombinasjon av desse.

I eit verneområde i sjø må ingen foreta seg noko som forringar verneverdiane som går fram av verneformålet. Eit verneområde i sjø kan vernast mot all verksemd, forureining, tiltak og bruk, men med dei avgrensingane som følger av folkeretten. Restriksjonar på aktivitet skal stå i forhold til verneformålet.

Alle verneområde har ei verneforskrift som omtalar føremålet med vernet og avgrensing av verneområdet. Vidare regulerer verneforskrifta bruken av området. Restriksjonsnivået for vernet blir utgreidd nærare i det vidare arbeidet med marint vern.


Publisert 14.03.2024

Utkast til verneplan for Giske marine verneområde er sendt til fagleg godkjenning

Statsforvaltaren har sendt utkast til verneplan for Giske marine verneområde til fagleg godkjenning i Miljødirektoratet. 


Publisert 28.05.2021

Referat frå arbeidsmøte 10.05.2021 om naturfagleg grunnlagsrapport

Statsforvaltaren hadde eit arbeidsmøte med kommunane, regionale etatar og viktige næringsinteressentar 10.05.2021. Presentasjon og referat frå møtet finn du i denne artikkelen.


Publisert 22.03.2021

Naturfagleg grunnlag Giske

Akvaplan-Niva har på oppdrag frå Statsforvaltaren utarbeidd eit naturfagleg faggrunnlag for arbeidet med utforming av verneplanen for marint vern i Giske. Rapporten oppsummerer kjent kunnskap om naturverdiane i området, og kjem med forslag til referanseområde.


Publisert 14.10.2019

Referat frå første møte i arbeidsgruppa – marint vern Giske

Første møte blei held 17.10.19 på Alnes fyr. Her vart mandatet for gruppa stadfesta. Møte omhandla hovudsakeleg kva slags kunnskap som trengs for det vidare arbeidet med marint vern i Giske kommune. Sjå vedlegg for møtereferat.


Publisert 20.08.2019

Oppsummering av høyringsinnspel på oppstartsmelding for marint vern Giske

Det kom inn 13 høyringsinnspel på oppstartsmeldinga. Innspela kan lastast ned og lesast frå denne sida.


Publisert 04.06.2019

Arbeid med marint vern - Giske

Eitt sjøområde i Giske skal vurderast som eit marint verneområde. Planområdet ligg i sin heilheit i Giske kommune i Møre og Romsdal fylke, og er omlag 68 km2 stort. Området omfattar sjøområdet mellom Giske, Valderøy og vestsida av Vigra. Giskerevet og områda vest og aust for dette er med.


Kontaktpersonar

Omtale av Giske marine verneområde

Grunnområdet ved Giske er eit av dei få områda i Sør-Noreg med store grunne areal med sand- og mudderbotn. Det omfatter dei grunne områda vest for øyene Vigra og Giske. Giskerevet strekk seg som eit grunt parti frå lang­grunne tidevassområde nord og vest for Giske nordvestover mot øya Erkna. Her består botnen av sand, skjelsand og stein. Mellom Giskerevet og Vigra går det ei djupare renne (20-46 m) innover mot Valderøya. Her er det i hovudsak sandbotn med noko mudder i dei djupaste og inste delane. På sør- og vestsida av Vigra er det langgrunne tidevassområde særleg i Vikebukta, Synnesvågen og Rørvik­vågen. Utanfor Rørvikvågen er det eit avgrensa djupare parti (33 m) med sandbotn. Rundt dette er det grunområde (<10 m) med vekslande botnforhold med sand, grus, stein og fjell.

Det er godt utvikla tareskog i delar av området, i hovudsak i djupneeintervallet frå ca. 2-15 m. Dette gjeld ytre (vestlege) del av Giskerevet mot Erkna og områda vest for Vigra. Den marine faunaen er ikkje godt undersøkt, men består av eit rikt mangfald av artar karakteristiske for grunne område med sand, grus, stein og fjell. Dette omfattar gravande former (bl.a. mange artar av skjell) på sandbotn og fastsittande former på stein og fjell. Tareskogen er habitat for ei rekke ulike fastsittande og mobile artar.

Saksgang - marint vern

Fylkesmannen legg opp til følgande hovudpunkt i den vidare saksbehandlingsprosessen:

  1. Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppsummere innspel til oppstartsmeldinga.

  2. Det blir oppretta en arbeidsgruppe med lokale brukarar for arbeidet med marint vern.

  3. Gjennomføring av informasjonsmøte.

  4. Fylkesmannen utarbeider, i samråd med arbeidsgruppa, eit forslag til marint vern.

  5. Oversending av forslaget til Miljødirektoratet for fagleg gjennomgang.

  6. Etter den faglege gjennomgangen utarbeider Fylkesmannen, i samråd med arbeidsgruppa, et framlegg for marint vern som blir sendt ut på ei brei offentleg høyring.

  7. Fylkesmannen oppsummere høyringsfråsegner og gir ei tilråding til Miljødirektoratet.

  8. På bakgrunn av høyringsfråsegner og tilrådinga frå Fylkesmannen utarbeider Miljødirektoratet ei tilråding som blir sendt Klima- og Miljødepartementet (KLD).

  9. KLD samrår seg med dei andre departementa, og endeleg vedtak blir fatta av Kongen i statsråd.