Marint vern - Griphølen og Remman

Området som er aktuelt for marint vern i Griphølen er på 580 km2, og ligg nord for Kristiansund og sørvest for Smøla. Remman er eit grunnområde med nokre små holmar og skjer nordvest for Veiholmen på Smøla. Området er 32 km2 stort.


Publisert 28.05.2021

Referat frå arbeidsmøte 21.04.2021 om naturfagleg grunnlagsrapport

Statsforvaltaren hadde eit arbeidsmøte med kommunane, regionale etatar og viktige næringsinteressentar 21.04.2021. Presentasjon og referat frå møtet finn du i denne artikkelen.


Publisert 22.03.2021

Naturfagleg grunnlag Griphølen og Remman

Akvaplan-Niva har på oppdrag frå Statsforvaltaren utarbeidd eit naturfagleg faggrunnlag for arbeidet med utforming av verneplanen for marint vern av Griphølen og Remman. Rapporten oppsummerer kjent kunnskap om naturverdiane i området, og kjem med forslag til referanseområde.


Publisert 22.12.2020

Fastsett utgreiingsprogram for Griphølen og Remman

Miljødirektoratet har fastsett utgreiingsprogram for marint vern av Griphølen og Remman i Kristiansund og Smøla kommunar.


Publisert 29.05.2020

Nettmøte 28.05.2020

Det vart gjennomført informasjonsmøte på nett om arbeidet med marin verneplan for Griphølen og Remman 28. mai 2020. Presentasjonen er tilgjengeleg her.


Publisert 29.05.2020

Oppstart av marin verneplan - Griphølen og Remman

Melding om oppstart og høyring av utgreiingsprogram for marin verneplan for Griphølen og Remman - Kristiansund og Smøla kommunar. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg her.


Kontaktpersonar

Kort om områda

Griphølen

Griphølen er eit ope kystområde med svært stor spennvidde i naturtypar. Området inneheld Griphølen som eit straumrikt og produktivt djupområde, den særeigne og mangfaldige Smølaskjergarden, og det kuperte undersjøiske landskapet ved Grip og Inngripan. Verneverdien er knytt til det store mangfaldet av naturtypar som er representative for opne kystområde på nordvestlandet, men som også inneheld særeigne kvalitetar.

Remman

Remman er eit undersjøisk fjellplatå som stikk ut mot storhavet, og med ein spesielt storvaksen tareskog. Verneverdien er knytt til dei spesielle botnforholda, den storvaksne tareskogen, og det rike og produktive dyrelivet i tareskogen og i skråningane ned frå platået.