Få tilskot til klimatiltak!

Klimasats er den viktigaste støtteordninga for kommunar som ønskjer å kutte i klimagassutslepp og bidra til lågutsleppsamfunnet. Søk før 15. februar!

Publisert 26.01.2021 av Lena Skattum Sandvik

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, håper at alle kommunane i fylket sender inn søknader. Da gir vi samtidig eit tydeleg signal om at Klimasats er ei ordning som bør oppretthaldast, seier klimakoordinator Anne Melbø hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Søk om ladepunkt!

I år er det berre kommunar som har få eller ingen elbilar blant sine tenestebilar som vil få tilskot til ladepunkt for tenestebilar.

Så om din kommune har fått lite eller ingen støtte til ladepunkt før, bør de søke om dette i år, seier Melbø.

heimesida til Miljødirektoratet finn ein god hjelp til søknaden. Her ligg oversikt over kva andre kommunar har søkt om pengar til tidlegare.

Finn inspirasjon her, og det er også lov å klippe og lime frå andre sine søknadar – det gjer jobben enklare. 

Politisk forankra

Melbø understrekar at det er viktig at klimaprosjekta som kommunane søker om pengar til er politisk forankra. Kommunar, fylkeskommunen og enkelte kommunale føretak kan søke om tilskot, saman eller kvar for seg.

Kommunen må bidra med midlar til tiltaket sjølv, og støtta frå Klimasats må vere utløysande for at tiltaket kan gjennomførast.

Nytt av året er at det er fire søknadsfristar fordelt ut over året, 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november for tre type tiltak. I tillegg til å kunne søke om ladepunkt, kan kommunane alle desse datoane søke om meirkostnadar ved klimavennleg innkjøp og tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg. For alle andre tiltak er fristen 15. februar.

Kontaktpersonar

Lenkjer