Midlar til klimatiltak i kommunane

Regjeringa har sett av 100 millionar til tiltak for å redusere klimagassutslepp. Ordninga er kalla klimasats, og det er kommunar og fylkeskommunar som kan søkje tilskot. Søknadsfrist er sett til 23. juni 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2016

Med Paris-avtalen som bakteppe blir det no lagt inn ein ekstra innsats på å redusere dei norske utsleppa av klimagassar. Desse midlane skal ikkje nyttast til elveforbygging, grovare vassrøyr eller høgare gummistøvlar, men til å få starta opp med tiltak som faktisk reduserer klimagassutsleppa.

Miljødirektoratet har nyleg lyst ut den nye støtteordninga «Klimasats», med ein søknadspott på 100 millionar kroner til utsleppsreduserande tiltak i kommunane. Intensjonen er at det skal komme nye 100 millionar kvart år over ein 5-årsperiode. Søknadsfrist for første runde er sett til 23. juni, så her er det berre for kommunane å snu seg rundt. Miljødirektoratet, representert ved Kirvil Stoltenberg kom til Molde for å orientere om den nye tilskotsordninga, som ein også finn informasjon om på nettstaden www.miljøkommune.no.

Tysdag den 10. mai arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal eit dagsseminar om klimatiltak i kommunane, som blei halde på St. Carolus i Molde. Her stilte mellom anna Miljødirektoratet, som presenterte den nye støtteordninga «klimasats».

Møre og Romsdal fylkeskommune v/ assisterande fylkesrådmann Willy J. Loftheim innleia seminaret. Elles var det innlegg av Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved miljødirektør Linda Aaram, Orkidé v/ Turid Strøm, Sunnmøre regionråd v/ Einar Haram, Stiftinga miljøfyrtårn v/ Ann-Kristin Yttreberg og Standard Norge v/ Knut Jonassen.

Du finn alle presentasjonar frå seminaret på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune. For meir utfyllande informasjon om kva som kom fram på seminaret, sjå referat til høgre på denne sida.