For mykje hjort

Hjorten er i ferd med å ete seg ut av sitt eige matfat i mange område i vårt fylke. Trass i sterk auke i avskytinga har bestandane auka, og lovheimel for kraftigare regulering av bestanden må bli vurdert, meiner Møre og Romsdal fylke. No inviterer ein til befaringar for å auke merksemda på problematikken.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.05.2008

- Møre og Romsdal fylke ser situasjonen som så alvorleg at vi har bede Direktoratet for naturforvaltning (Miljødirektoratet frå 01.07.2013) om å etablere lovheimel som gjer at det offentlege kan gå inn og regulere ned hjortebestandar til forsvarleg nivå dersom grunneigarane ikkje klarer det i samarbeid med kommunane, påpeiker viltforvalter Ulf Lucasen ved Areal og Miljøvernavdelinga og fylkesskogmester John Hauger ved Landbruksavdelinga.

- For å auke merksemda på trongen til å redusere hjortebestandane vil vi saman med dei aktuelle kommunane og skogkonsulent Steinar Bratset arrangere synfaring to stader måndag 5. mai. Tid og stad for synfaringane er:
 
Ytre Fræna: frammøte Hustad skytebane kl 10.00
Eidsøra: frammøte Vegstasjonen på Tiltereidet (mellom Eidsvågen og Eidsøra)kl 13.30
Sist haust blei det felt over 9000 hjortar i Møre og Romsdal, men dette var ikkje nok til å redusere bestandane ned til ønskjeleg nivå.
 
Fleire stader er naturleg beite sterkt redusert på grunn av lang tids overbeiting. Dagens hjortestamme er difor ein trussel mot biologisk mangfald og han påfører både jord- og skogbruket vesentlege økonomiske tap. I tillegg aukar påkjørslane av hjort i takt med auka bestandar.
 
Vi har over tid fått gjennomført registreringar som viser at beiteplantene i einskilde vinterområde no er så nedbeita at det òg er fare for ei omfattande dyretragedie dersom vi får ein kald og snørik vinter. Mellom anna har hjorten beita ned blåbærlyngen over store areal.
 
Blåbærplanta er viktig næring for eit utal av artar. Frå insekt, trast, hare, rype, storfugl, orrfugl og til bjørn. Om hausten er nesten all skiten blå – om han stammar frå mår eller svarttrast. Då er det sjølvsagt at sterk hjortebeiting kan ha store negative konsekvensar for mange artar.
 
I § 1 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever står det at føremålet med forskrifta er å bidra til at forvaltninga av hjortevilt tek i vare bestandane og leveområda sin produktivitet og mangfald. Det står òg at forvaltninga skal sikre bestandsnivå som medfører at hjortevilt ikkje forårsakar uakseptable skader og ulemper på andre samfunnsinteresser.
 
For å redusere hjortebestandane til nivå som er i tråd med føremålet i forskrifta må grunneigarane saman med kommunane syte for at jaktuttaket blir så høgt at hjortebestandane blir vesentleg redusert i dei områda som har mest hjort.