Inhabil i behandling av Ductor

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er inhabil i behandling av søknaden frå Ductor om etablering av biogassanlegg i Sunndal. Saken går til ein annan statsforvaltar eller til Miljødirektoratet.

Publisert 18.06.2021

Ductor har søkt om etablering av eit biogassanlegg på Håsøran i Sunndal kommune. Verksemda ynskjer mottak av nitrogenhaldig substrat som fiskeensilasje, slam frå fiskeoppdrett, høns- og kugjødsel.

I samband med ein grundig gjennomgang av dokumenta i saka, kom det fram at direktør av Miljøvernavdelinga hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal, Linda Aaram, er inhabil grunna familiære forhold.

Når direktøren er inhabil i saka, skal heller ikkje saka behandlast av underordna saksbehandlar i same forvaltningsorgan. Saka vil bli overført til Miljødirektoratet eller ein annan statsforvaltar.