Avfallsplanar i hamn

Alle hamner i fylket må ha ein avfallsplan. Planen skal sendast inn til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for godkjenning. Her kan du lese kva som skal til for å lage ein avfallsplan i tråd med krava.

Hamna sitt ansvar

Hamna har ansvar for å ha ein godkjend avfallsplan. Nokre hamner i Møre og Romsdal manglar framleis dette.

Vi oppmodar alle hamner som ikkje har godkjend plan allereie om å sende inn til oss så snart som mogleg. Hamner som allereie har godkjend plan må sende inn revidert plan kvart femte år eller ved vesentlege endringar av drifta av hamna.

Dersom det er naudsynt, kan miljømyndigheita nytte tvangsmulkt som verkemiddel for å få inn planar.

Kva må vere med i planen?

Forureiningsforskrifta kapittel 20 sett rammene for korleis planen skal vere.

For at det skal vere lettare å lage ein god plan, har Miljødirektoratet utarbeida ein eigen rettleiar for avfallsplanar.

Du finn både forskrifta og rettleiaren ved å følgje lenkjene til høgre på denne sida.

Til sist i rettleiaren finn du ei sjekkliste som viser punktvis kva som må vere med i planen for at vi skal kunne godkjenne den.

Godkjenning

Planane skal godkjennast på ny av Statsforvaltaren kvart femte år.

Når vi går gjennom planane, nyttar vi sjekklista for å kontrollere at alle punkt er dekka av planen. Dersom dei ikkje er det, kan vi heller ikkje godkjenne planen. Merk at dei fleste punkta på lista er obligatoriske.

Planen må forklare korleis ulike typar avfall blir handtert. Det er viktig at den også gjev litt generell informasjon om hamna, som lokalisering, storleik og aktivitetsnivå. I tillegg må planen skildre kommunikasjonsprosessen mellom båt og hamn ved mottak av avfall, og den må vise korleis båtane kan finne informasjon om hamnas mottaksordningar og eventuelt melde ifrå om avvik eller utilstrekkeleg ordning. Gebyrsystemet må også skildrast.

NB! Nokre av punkta i sjekklista kan synast å vere dårleg tilpassa dei minste hamnene. Det er viktig at de likevel svarar på dei som best de kan. Vi tar omsyn til storleiken til hamna når vi vurderer planane.

Når vi godkjenner planen, sender vi eit brev til hamna med vedtak om godkjenning, og ofte nokre kommentarar så må følgjast opp til neste innsending.

Kvifor avfallsplan?

Forsøpling til havs er eit aukande nasjonalt og internasjonalt problem. Om lag 20 prosent av forsøplinga i sjøen kjem frå skip og båtar. Derfor er det viktig at hamnene har gode mottaksordningar. Når båtane lett kan bli kvitt avfallet sitt på land, vert mindre dumpa ulovleg på sjøen.

Den marine forsøplinga griser til strender og gjev problem for dyra som lev i sjøen. Søppelet kan også gjeve opphav til mikroplast, som kan føre til store miljøutfordringar i framtida.

Les meir om marin forsøpling og mikroplast her:

http://www.miljostatus.no/Tema/Hav-og-kyst/Forsopling-av-havet

 

Fakta om avfallsplaner

Avfallsplanane skal godkjennast av Statsforvaltaren i det fylket der hamna ligg. Ei godkjenning varer i fem år frå datoen då planen vart godkjend. Kva krav som stillast til avfallsplanane finn du i forureiningsforskrifta kapittel 20 og Miljødirektoratets rettleiar.

Dette er den norske gjennomføringa av skipsavfallsdirektivet til EU (direktiv 2000/59/EF).

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om avfallsplan.