Bålbrenning

I samband med feiring av sankthansaften er det mange som ønskjer å brenne bål. Nokre vel då å sette fyr på avfallet sitt, men brenning av avfall er både skadeleg og ulovleg.

Publisert 15.06.2021

Statsforvaltaren vil minne om at det einaste ein kan brenne lovleg, er reint trevirke som greiner, kvistar og ubehandla trematerial. Alt anna er avfall og må leverast til eit godkjent avfallsmottak.

Melding til kommunen ved brenning

Privatpersonar kan etter avtale med kommunen brenne ubehandla trevirke i for eksempel samband med sankthansfeiring. Har du planar om slik brenning, så ta kontakt med kommunen din i god tid på førehand. Verksemder må alltid levere alt sitt avfall til eit godkjent avfallsmottak.

Det ikkje er lov å brenne avfall sjølv om det er meldt frå til kommunen om bålbrenning.

Luftforureining

I eit vanleg bål har ein ikkje kontroll på temperatur eller kva for gassar som blir produserte. Resultatet av ukontrollert brenning er spreiing av partiklar som sot, oske og ulike gassar som kan vere svært skadelege både for menneske, dyr og miljø.

Forureina grunn

Giftige gassar og helseskadelege partiklar, oske og andre restar av brent materiale vil ofte føre til at grunnen der bålet stod blir forureina. Det vil igjen føre til at grunneigaren kan få vanskar i ettertid. Mogleg forureina grunn kan ikkje gravast i eller byggjast på. Dette kan gje store vanskar og store kostnader i framtida for grunneigar. Mange stader kan også brannrestane hamne i sjø eller vassdrag og forureine der. Oska som blir igjen etter brenning, kan vere farleg avfall og må leverast til eit godkjent mottaksanlegg for farleg avfall.

Gjenvinning

Brenning av avfall er og å sløse med ressursar. Store deler av avfallet vårt kan brukast om igjen på ein eller annan måte, og det skjer dersom avfallet kjem inn til avfallsmottaka. Det som ikkje kan brukast om igjen, blir brent i spesielle anlegg der energien blir utnytta.

Alle former for privat avfall kan leverast til ein miljøstasjon dersom det ikkje kan sendast med i renovasjonen. Eksempel på materiale som det ikkje er lovleg å brenna er møblar, sponplater, teppe, plastkanner, målingsspann, og trevirke som er måla, impregnert eller inneheld lim eller lakk.

Kommunen er myndigheit

Det er kommunen som er myndigheit når det gjeld open brenning. Ser du eit bål med anna ein reint trevirke, skal du melde frå til kommunen slik at den kan gjere noko med saka. Det same gjeld for bålplassar som er under oppbygging og dersom du oppdagar andre former for forsøpling. Er bålet alt tent på, må du ringe brannvesenet slik at blir søkt så raskt som mogleg. Unngå å puste inn gassane frå bålet.

Kommunen må sørge for at grunnen der bålet stod, blir registrert i matrikkelen med mistanke om forureina grunn. Då vil noverande og framtidige grunneigarar få kjennskap til at det her kan vere skadelege stoff i grunnen, og kommunen vil måtte gjere grundige vurderingar dersom det nokon gong skal gravast eller byggast på staden.

All brenning av avfall er ulovleg dersom det ikkje er gitt løyve frå forureiningsmyndigheitene. Forsøpling eller brenning av avfall frå verksemder kan du også melde frå om til Statsforvaltaren. Vi fører tilsyn med at verksemder leverer avfallet sitt til eit mottak som har fått løyve til dette frå oss.

Kontaktpersonar