Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Mange hamner i fylket manglar avfallsplan

Fylkesmannen i Møre og Romsdal etterlyser avfallsplanar frå mange hamner i fylket som framleis ikkje har levert. Miljødirektoratet saman med fylkesmennene sett no i verk ein aksjon for å sørgje for at hamner som framleis ikkje har godkjend avfallsplan, får fortgang i arbeidet og følgjer regelverk.

Viss du treng hjelp til å kome i gang med arbeidet så finn du lenker til meir informasjon og hjelp på denne sida.  

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 03.05.2017

Kvifor krevjast det avfallsplanar?

Forsøpling til havs er eit aukande nasjonalt og internasjonalt problem. Avfallet kjem frå fleire kjelder, men det er estimert at om lag 20 prosent av den marine forsøplinga kjem frå skip og båtar. Det er derfor viktig at skipa leverer avfallet sitt på land og at hamnene har tilstrekkelege ordningar og anlegg for mottak av avfallet og lasterestane frå skipa som legg til kai i hamna.

Tanken bak kravet om avfallsplanar er at dersom hamnene har tilstrekkelege anlegg for mottak av avfall frå skipa som kjem inn, så vil skipa kvitte seg med avfallet når dei ligg til kai, og ikkje dumpe det ulovleg på sjøen. 

Etter norsk og europeisk regelverk skal alle hamner i Noreg ha avfallsplanar for mottak og handsaming av avfall. Planane skal vere godkjend av Fylkesmannen.

Ansvaret til hamna

Hamna har sjølv ansvaret for å ha ein godkjend avfallsplan. Fristen for å ha ein godkjend plan gjekk ut i 2014, men framleis manglar veldig mange av hamnene i Møre og Romsdal dette.

Vi oppmodar alle hamner som ikkje allereie har utarbeidd og sendt inn ein avfallsplan om å gjere dette så snart som mogleg.

Dersom det er naudsynt, kan miljømyndigheta nytte tvangsmulkt som verkemiddel for å få inn planar.

Avfallspalnar

Fakta om avfallsplanar

Avfallsplanane skal godkjennast av Fylkesmannen i det fylket der hamna ligg. Ei godkjenning varer i tre år frå datoen då planen ble godkjend. Kva krav som stillast til avfallsplanane kan du lese i forureiningsforskrifta kapittel 20.

Dette er den norske gjennomføringa av skipsavfallsdirektivet til EU (direktiv 2000/59/EF). European Maritime Safety Agency (EMSA) fører tilsyn med korleis Noreg etterlever direktivet. Noreg ble dømt av EFTA-domstolen i 2016 for manglande oppfølging og praktisering av dette regelverket.

Miljødirektoratet har laga ein rettleiar for utarbeiding av avfallsplanar for hamner som du finn ved å følgje denne lenkja.

Du finn meir informasjon om avfallsplanar i hamner på denne sida hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Har du spørsmål knytt til utarbeiding eller oppdatering og revisjon av ein avfallsplan, kan du óg ta kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Sjå kontaktinformasjon annan stad på denne sida.

 Hamner må ha kontroll på avfall fra skip og båtar.