Miljødirektoratet opprettheld Fylkesmannen sitt avslag på auke i MTB på lokalitet Dryna grunna korallførekomstar i området

Det siste året har Fylkesmannen i Møre og Romsdal pålagd fleire oppdrettarar å kartleggje moglege korallførekomstar i nærleiken til anlegga deira.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2020

Anlegg som har fått krav om ROV-undersøking er anlegg kor ein har mistanke om at det kan vere korallar i området. Sjå eigen sak i lenkene til høgre. Mistanken kan kome frå historiske kartleggingar, tips frå fiskarar/dykkarar og/eller undervasstopografi som antydar straumrike område. Dette viste seg særleg viktig etter saka om blomkålkorallane i Vestland fylke, kor det etter at løyvet var gitt vart oppdaga store førekomstar av blautkorallen blomkålkorall rett ved anlegget.  

Anlegga har allereie krav om blautbotnundersøkingar i form av B- og C-undersøkingar før anlegg får løyve, og undervegs i drifta. Desse undersøkingane blir gjort ved at ein tar opp botnprøver med ein grabb på forskjellige stader under (B-undersøkinga) og rundt anlegget (C-undersøkinga). Sidan desse undersøkingane skal ta opp sediment frå botnen, fungerer dei difor berre på blautbotn. Korallar veks derimot på hardbotn. For å kunne fange opp dei moglege korallførekomstane har difor Fylkesmannen i Møre og Romsdal bede om at det vert utførte ROV-undersøkingar (videofilming ved hjelp av undervassdronar) etter Norsk Standard 16260:2012 i desse tilfella.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har på bakgrunn av funna i ROV-undersøkingane gitt avslag på 2 søknadar om auka biomasse på anlegg kor det vart funne korallar i nærleiken (Dryna og Sjølsvik). På Dryna vart avgjerda vår påklaga av selskapet. Slike klager vert sendt vidare til Miljødirektoratet for klagehandsaming. Klageavgjerda kom den 02.03.2020, kor Miljødirektoratet oppretthaldt vårt vedtak om avslag (svarbrevet frå Miljødirektoratet kan lastast ned via lenkje til høgre på denne sida).

Korallane er ei viktig brikke i naturmangfaldet på djupt vatn, og er særleg sårbare då dei veks svært sakte. Kartlegginga av korallar i Noreg er særs mangelfull, men desse undersøkingane er med på å auke kunnskapsnivået i nærleiken av oppdrettsanlegga.