Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tidlegpensjon for jordbrukarar

Tidlegpensjon skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hoveddelen av inntekta si frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Jordbrukarar som har blitt 62 år og om har drive med jordbruk i minst 15 år, kan få einbrukarpensjon. Brukar som har fylt 62 år kan saman med ektefelle/sambuar som har fylt 57 år få tobrukarpensjon. Det vert stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå jordbruksføretaket og anna inntekt. Det er eit krav om at landbrukseigedommen er overdregen til ny eigar, og ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

For 2021 er tidlegpensjonen fastsett til 100.000 kroner per år for einbrukarpensjon og 160.000 kroner per år for tobrukarpensjon.

Søknaden med vedlegg sendast Statsforvaltaren per post.

Les meir om Tidlegpensjon for jordbrukarar på Landbruksdirektoratet sine nettsider 

 Statsforvaltaren

  • Behandlar søknaden og fattar vedtak
  • Utfører kontroll i ordninga
  • Behandlar søknad om dispensasjon 

26.06.2019

Viktige endringar i regelverket - tidlegpensjon for jordbrukarar

Det har skjedd fleire sentrale endringar i regelverket. Mellom anna kan bønder no få utbetalt tidlegpensjon samtidig med at dei får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefesta pensjon frå NAV.