Fagmøte om beiting

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Landbruk Nordvest og NIBIO Tingvoll arrangerer fagdag om beiting på Gjermundnes vidaregåande skule laurdag 5. november. Tema på møtet er mellom anna beiting på areal som er gått ut av drift, aktuelle grasartar og skjøtsel av beiteareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.10.2016

På fagdagen vil NIBIO presentere resultat frå eit prosjekt der dei har sett på beitingspotensialet som ligg i areal som har gått ut av drift. Landbruk Nordvest vil orientere om det nystarta beiteprosjektet i Møre og Romsdal, der ein med utgangspunkt i eit etablert visningsbeite på Gjermundnes vil drøfte best praksis for drift av beiteareal.

For detaljar, sjå vedlagt program.