Det er itj no som kjem tå seg sjølv

Sang prosjektleiar frå Matnavet på Mære, Beth Tronstad da ho saman med Aud Drågen frå Fylkesmannen, ønska velkomen til den 14. MRmat samlinga som i år vart arrangert i Ålesund 19. og 20. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2019

Omlag 70 lokalmatprodusentar, drivarar av serveringsstader og opplevingsbedrifter frå heile fylket var samla for å lære meir om samarbeid og merkevarebygging.

Landbruksdirektør Frank Madsøy åpna samlinga. Han nemnde mellom anna at Møre og Romsdal er eit stort ostefylke - ostane Edamer, Ridderost, Port Salut og Snøfrisk er blant ostane som vert produsert her i fylket, i tillegg til sterke lokale osteprodusentar som har lukkast både nasjonalt og internasjonalt.

Deltakarane kunne velje blant ulike praktiske matkurs, kurs i merkevarebygging og opplevingskurs. I tillegg vart det arrangert ei samling der dei mange matnettverka i fylket fikk presentert seg.

 

Pål Medhus fortalde historien rundt etableringa av Ostebygda i Hol.

Kristin Waagen i Tingvollost fortalte om å kommunisere i markedet når ein ikkje har produkt å selje. Vi fekk også høyre om dei strategiske markedsvala dei gjorde da dei starta opp Tingvollost.

Mrmat2019__.JPG