Mentorordninga i landbruket 2021

Mentorordninga i landbruket inneber at ein fersk bonde gjer ein formell avtale med ein erfaren kollega om å bistå som diskusjonspartner i drifta gjennom eit år. 

Publisert 26.11.2020

Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet, lokal foredling med meir.  Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge regionalt. 

No har du mogelegheit til å vere med i Mentorordninga i landbruket i 2021, anten som mentor eller ny bonde.

Regionkontakt i Møre og Romsdal: Gunn Randi Fossland, Landbruk Nordvest, 958 74 243, gunn.randi.fossland@nlr.no

Søknadsfrist er 1. desember 2020.  Les meir om ordninga på Norsk landbruksrådgiving sine nettsider