Søk produksjonstilskot og avløysartilskot frå 1. januar 2017

1. januar 2017 blir det opna for å sende inn søknad om produksjons- og avløysartilskot. Registreringsdatoen er 1. januar og søknadsfristen 20. januar 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.12.2016

Denne søknadsomgangen omfatter tilskota:

  • tilskot til husdyr
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon og til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • tilskot til bevaringsverdige husdyrraser
  • distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker samt
  • tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Tilskot til bevaringsverdige husdyrraser gjeld frå denne søknadsomgangen også sau, geit og hest av bevaringsverdige raser, i tillegg til storfe. Innan registreringsdatoen 01.01.2017 må dyra vere registrerte i hhv. Kuregisteret (storfe), Sauekontrollen (sau) eller Ammegeitkontrollen (geit). Hest må vere stambokført (rasegodkjent) og ha fått utferdiga hestepass.

Avløysing

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid gjeld refusjon av utgifter til avløysing i 2016. Maksimalt avløysartilskot er fastsett ut frå dyretalet føretaket disponerte pr. 1.1.16. For nokre dyreslag er det tal slakta dyr eller selte livdyr i løpet av 2015 som ligg til grunn.

Brukarskifte i mjølkeproduksjon.

Føretak som fører opp mjølkekyr i sin søknad, må disponere mjølkekvote pr. 01.01.2017. Det er særleg samdrifter som treffer akkurat denne datoen ved enten opphøyr eller nyetablering.

Generelle vilkår

Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret innan søknadsfristen, og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar, for å kunne søkje om desse tilskota.

Spør kommunen, søk via internett

Meir informasjon får du hos kommunen eller på www.Landbruksdirektoratet.no, der du også leverer søknaden trygt og effektivt via internett. Når søknaden er ferdig utfylt, blir den kontrollert for logiske feil, og du får ei bekrefting i «Min meldingsboks» i Altinn, når søknaden er innsendt.

Hugs å klikke knappen Send inn, etter at du har sett gjennom oppsummeringa.

Hugs fristen 20. januar. Ikkje vent til siste dagen, då det vil bli stor trafikk!

Kontaktpersonar

Stor omlegging i produksjonstilskot i 2017

Frå mai 2017 blir det heilt nytt system for produksjonstilskot, nye fristar, nye rutiner, m.m. Føl med på informasjon etter kvart. Januar 2017 var den siste omgangen med tidlegare system.

www.landbruksdirektoratet.no