Produksjonstilskotet blir utbetalt

Det er tilskot etter søknader frå august 2016 som blir utbetalt til om lag 40.000 jordbruksføretak over heile landet innan fredag 3. februar 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.02.2017

Dei fleste føretaka vil ha pengane på kontoen sin innan fredag 3. februar 2017. Tilskotsbrevet kan kvart enkelt føretak laste ned frå Min meldingsboks for føretaket i Altinn frå onsdag 1. februar.

Enkelte søknader er ikkje behandla ferdig enno. Dette vil stå i meldingsbrevet. Årsaka er at behandlinga av desse søknadene krev ekstra undersøkingar. Har du spørsmål om produksjonstilskotet, kan du vende deg til landbruksforvaltninga for din kommune.

I denne søknadsomgangen er det tilskot til areal, kulturlandskap, husdyr, dyr på beite og økologisk produksjon som blir utbetalt. Tilskotet blir utbetalt etter endelege satsar, fastsett av Landbruks- og Matdepartementet. Nokre av satsane vart reduserte litt, for å holde utbetalingane innafor ramma fastsett i jordbruksoppgjeret i 2016. Du finn dei endelege satsane her.

Tilskotssbrev blir sendt elektronisk

Regelen er at meldingsbrevet blir sendt til føretaket sin meldingsboks i Altinn frå onsdag 1. februar, og varsel om dette blir sendt på epost/SMS. Føretak som ikkje har oppgitt verken mobilnummer eller epostadresse i søknaden, vil få tilsendt brevet i posten. I tillegg vil brevet for desse også kunne hentast i Altinn.

Du finn tilskotsbrevet ved å logge inn på Altinn, velje rett føretak og så opne Min Meldingsboks. Etter innlogging er det automatisk innlogga person som vert den aktive aktøren. Derfor må du aktivt velje føretaket som søkte om tilskot. Elles vil ikkje tilskotsbrevet vise. Her er eit enkelt bilde, som illutrerer korleis du finn tilskotsbrevet.

Min Meldingsboks for føretaket som søkte produksjonstilskot

Klagefristen er tre veker

Fristen for å klage på vedtak om produksjonstilskot er tre veker frå tilskotsbrevet er motteke, dvs tre veker rekna frå onsdag 1. februar.  Klage skal vere skriftleg, og leverast til landbruksforvaltninga for kommunen din. Dersom du klagar seinare, er det ikkje sikkert du får behandla klagen.

Dersom du har spørsmål

Ta kontakt med landbruksforvaltninga for din kommune. Der får du svar på konkrete spørsmål knytt til søknaden og utbetalinga av produksjonstilskot, og om regelverket.

Kontaktpersonar

Stor omlegging i produksjonstilskot i 2017

Frå mai 2017 blir det heilt nytt system for produksjonstilskot, nye fristar, nye rutiner, m.m. Føl med på informasjon etter kvart. Januar 2017 var den siste omgangen med tidlegare system.

www.landbruksdirektoratet.no