Produksjonstilskot etter januaromgangen 2017 utbetalt

Hovedutbetalinga av produksjonstilskot etter søknadsomgangen i jauar 2017 skjer denne veka (første veka i juni). Søkjarane vil normalt ha pengane på sin konto innan fredag 9. juni.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.06.2017

Utbetalinga skjer samtidig ogver heile landet. Dei aller fleste vil motta tilskotet i denne hovedutbetalinga, men nokre få søknader har ikkje blitt ferdig behandla. Det kan vere ulike årsaker til det. 

Dersom føretaket meiner der er feil i utbetalinga, må spørsmålet takast opp med landbruksforvaltninga i den kommunen føretaket driv. 

Satsane

Satsane oippgitt i rettleingsmateriellet var førebelse. Dei endelege satsane finn du i rundskriv 2017-18 frå Landbruksdirektoratet.

Utsending av tilskotsbrev og klagefrist

Elektronisk kommunikasjon er hovedregelen for Landbruksdirektoratet. Alle føretak som har oppgitt mobiltelfon eller epostadresse i søknaden om produksjonstilskot, vil få tilskotsbrevet sendt til meldingsboksen sin på Altinn. Samtidig er det sendt varsel om dette på SMS/epost.

Min meldingsboks på Altinn.noTreng du hjelp til å finne tilskotsbrevet på Altinn, kan du få rettleiing her: skriftleg rettleiing eller video.

Klagefristen er tre veker rekna frå då vedtaket vart motteke. Merk at vedtaket er motteke den dagen det er posta i meldingspoksen på Altinn. Du bør derfor ikkje vente med å opne brevet, for klagefristen blir ikkje lenger av den grunn.

Føretak som ikkje har oppgitt epost eller telefon, vil få brevet i postkassa, men også desse kan finne det på Altinn.

Kontakt kommunen der du driv jordbruk, dersom du har spørsmål om utbetalinga.

Landbruksdirektoratet informerer om utbetalinga på si nettside.

Produksjonstilskot

Produksjonstilskotet skal bidra til aktivt og berekraftig jordbruk innafor dei rammene Stortinget har trekt opp. I januar kunne føretaka søkje om desse tilskota.

  • tilskot til husdyr
  • tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • tilskot til avløysing ved ferie og fritid 

Januaromgangen 2017 var den siste søknadsomgangen, før asystem og rutinar vart lagt om. Du kan lese om det nye systemet både her hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal og hos Landbruksdirektoratet. Kommunen svarar på konkrete spørsmål, og behandlar søknadene.

I landet er det 28.302 føretak som mottek ca 3,4 mrd kroner. I Møre og Romsdal får 2.156 føretak knapt 251 mill kroner  i denne omgangen.