Produksjonstilskot 2017 - nytt system

Frå mai 2017 blir det innført nytt system for søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid i jordbruket. Det blir nye fristar og heilt nytt system for søknad og behandling av søknader - ein omgang med to søknads-/registreringstidspunkt og ei utbetaling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2017

Her er hovudpunkta for 2017

  • 15. mai - søknadsfrist del 1 for husdyr med registreringsdato 1. mai
  • 15. oktober - søknadsfrist del 2 for husdyr, areal, bikuber og tilskot til ferie og fritid med registreringsdato 1. oktober
  • februar 2018 - utbetaling

Føretak som er registrerte i Einingsregisteret og driv vanleg jordbruksproduksjon, kan søkje om produksjonstilskot.

Søknaden kan leverast i tidsrommet frå registreringsdato til søknadsfristen, og leveringa MÅ skje via Altinn. Før søknaden kan sendast inn, må gyldig kontonummer og epostadresse eller telefonnummer vere registrert.

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for fleire rettigheitsbaserte tilskot i jordbruket. Føremålet er "å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innafor dei målsettingar som Stortinget har trekt opp", jf forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket §1. Der er delmål for kvar ordning. Tilskotet vert berekna etter ein sats per dyr eller per dekar areal. Desse ordningane er omfatta:

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot for husdyr
  • Tilskot for dyr på beite
  • Tilskot for dyr på utmarksbeite
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønnsaker
  • Distriktstilskot for potetproduksjon i Nord-Norge

I tillegg søkjer føretaka om tilskot til avløysing ved ferie og fritid i det same søknadsskjemaet.