Nytt system for produksjonstilskot i 2017

I mai 2017 skjer det endringar i korleis føretaka søkjer produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Det blir heilt nytt system, nye fristar, nye teljedatoar, nye rutinar, m.m. Føl med!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.09.2016

I jordbruksforhandlingane har det blitt vedtatt omleggingar av system og rutiner for forvaltning av produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Landbruksdirektoratet utviklar no eit nytt system, som skal settast i drift i mai 2017. 

20. januar 2017 blir den siste søknadsfristen med noverande system, og så blir det ny søknadsomgang i mai 2017 - i nytt system.

Landbruksdirektoratet har starta å informere om det nye. Nyleg er det sendt eit skriv til alle søkjarar gjennom altinn.no. Fylkesmannen vil også følgje opp med aktuell informasjon, og bistå med opplæring. 

Føretaka må følgje med og sette seg grundig inn i det nye som kjem. I denne omgangen kan du lese meir om systemet på www.landbruksdirektoratet.no.

Kontaktpersonar

Stor omlegging i produksjonstilskot i 2017

Frå mai 2017 blir det heilt nytt system for produksjonstilskot, nye fristar, nye rutiner, m.m. Føl med på informasjon etter kvart. Januar 2017 var den siste omgangen med tidlegare system.

www.landbruksdirektoratet.no