Nytt PT-system i god gjenge

2017 er året for omlegging av system og rutiner for søknad om produksjonstilskot i jordbruket. Mykje nytt å sette seg inn i, så gjer som så mange andre - søk i god tid. Fristen 15. mai er endeleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.05.2017

Systemet for søknad, behandling, kontroll, berekning og utbetaling av produksjonstilskot er nyutvikla. Det vart sett i drift, og opna for å levere søknader frå 1. mai 2017.

Så langt er det meldt om få problem, og søknadene strøymer inn. Tysdag 9. mai kl 15 var 936 søknader mottekne i fylket vårt. Det er viktig å vere ute i god tid, slik at du er sikker på å få levert søknaden innan fristen, som er 15. mai. Den som prøver å levere etter fristen, vil bli avvist.

Både Landbruksdirektoratet og fylkesmannen har lagt ned stor innsats i opplæring. Fleire kommunar har arrangert tilskotskafé i lag med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, der søkjarane kunne få ekstra hjelp med å fylle ut søknadene sine.

Merk særleg desse punkta, som delvis inneber endring frå tidlegare:

  • Søknaden må leverast via internett  
  • Føretaket må ha bankkontonummer registrert i Altinn, for å kunne levere søknaden
  • Føretaket må ha enten mobilnummer eller epostadresse, for å kunne levere søknaden
  • Det er ikkje lenger høve til å levere søknaden etter fristen, 15. mai

Oppmodinga er kort. Søk i dag, eller så snart du kan.

Nytt system for søknad om produksjonstilskot

Det nye systemet for produksjonstilskot vart sett i drift frå 1. mai 2017. Ver merksam på at søknadsfristen 15. mai er endeleg. Søknaden må levereast via internett.