Nettverkssamling for nye kommunar i Ålesund

14. og 15. mars var det nettverkssamling for dei nye kommunane i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2017

Det var tett på 100 personar som deltok på nettverkssamlinga. Programmet var variert med innslag frå lovverk, plan, kart, økonomi og erfaringsdeling frå SAS-kommunane i Vestfold (Sandefjord, Andebu, Stokke).

Frå venstre: Tidlegare prosjektkoordinator i SAS-kommunane Tina Skarheim, KS-konsulent Geir Johan Hansen og tidlegare ordførar i Stokke kommune Erlend Larsen.