Midlar til vedlikehald og rehabilitering i kommunane

Tilskot på 2,5 milliardar kroner skal gå til vedlikehald og rehabilitering av bygg og anlegg i kommunane. Av desse er 120,3 millionar utbetalt til kommunane i Møre og Romsdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2020

For meir informasjon, sjå rundskriv frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal (til høgre).

Kommunane må rapportere til Fylkesmannen korleis desse midlane er brukt. Vi har satt rapporteringsfristen til 5. mars 2021.   

Rapporten kan sendast til Fylkesmannen på e-post fmmrpost@fylkesmannen.no

med kopi til fmmrsiho@fylkesmannen.no.