Tildeling prosjektskjønn 2020

Det blei søkt om 28,3 millionar fordelt på 23 søknadar. For 2020 blei det  tildelt 7 millionar i prosjektskjønn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2019

Fylkesmannen sine vurderingar tar utgangspunkt i dei føringane og kriteria som vart omtala i vårt invitasjonsbrev, dagsett 21.03.2019

I år gjekk over halvparten av midlane til Helseplattform satsinga i Møre og Romsdal.

Prosjekta som har fått støtte ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.

Midlane utbetalast over 10 terminar i rammetilskotet i 2020.

Vi vil be om ei mellom- og sluttrapportering på prosjekta. Mellomrapporteringa vil bli gjort i slutten av juni i inneverande år og sluttrapporteringa i slutten av januar  i påfølgande år.

Det blir sendt ut ein e-post til kontaktpersonen på prosjektet som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet kor søknaden vart sendt inn (ISORD). Det er og viktig at det redigerast for kva nytteverdi dette prosjektet kan ha for andre kommunar. 

Vi gjer samstundes merksam på at desse føresetnadane framleis gjeld:

  • Det er berre kommunar som kan søkje om midlar og stå som ansvarlege for prosjekta.
  • Søknaden må kvalitetssikrast og ha godkjenning av rådmann.
  • Fylkesmannen oppmodar om at kommunane samarbeider om prosjekt.
  • Søknader på prosjekt med ein total kostnad på 500 000 kroner vert ikkje innvilga.
  • For å sikre kommunal prioritering, er det eit krav om minst 50 prosent kommunal eigenfinansiering av prosjekta. 
  • Søknadar som inneheld element av ordinær drift vil ikkje bli prioritert.