Informasjon om koronavirusutbrotet

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider, på helsenorge.no og på regjeringen.no. På Utdanningsdirektoratet sine nettsider ligg informasjon om barnehage og skole under pandemien. 

TORSDAG 01.04.2021 09:00, SIST ENDRA 22.04.2021 12:44

Oppdaterte råd og informasjon

Statsforvaltaren følger situasjonen med koronaviruset tett.

Både Folkehelseinstituttet og helsenorge.no har konkrete råd om koronaviruset. 

Har du behov for helsehjelp, ring fastlegen din. Hvis du ikkje kjem i kontakt med fastlegen, ring legevakta på 116117. Ved fare for liv og helse, ring 113.

Regjeringa har samla viktig informasjon frå regjeringa og departementa, om tiltak og råd til befolkninga.

Her finn du informasjon frå NAV i samband med koronaviruset.

Generell informasjon på ulike språk finn du her.

Koronavaksinasjonsstatistikk (FHI)

På denne sida legg FHI ut oppdaterte vaksinasjonstal frå heile landet, samt fylkesvise oversikter. Vaksinasjonstala er henta ut frå SYSVAK og vert oppdatert på vekedagar ca. kl. 13. 

Kartinnsyn - koronapandemien

Kartet viser smittesituasjonen og status for vaksinering i Møre og Romsdal.

Kart som syner kommunane si eiga vurdering av risikonivået i koronapandemien - veke 6.

Statsforvaltaren

Statsforvaltaren er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi formidlar informasjon frå Helsedirektoratet til kommuneoverlegar, melder innspill og spørsmål frå kommunane tilbake til sentrale styresmakter, og legg til rette for samvirke mellom relevante aktører på regionalt nivå. 

Statsforvaltaren har fortløpande dialog med kommunane og helseforetaket om handteringa av situasjonen. 

I samband med koronaviruset, blir det gjennomført regelmessige møte mellom Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet (FHI), helseforetaka, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og landets statsforvaltarar, der det blir gitt gjensidig informasjon om status og råd om tiltak knytt til dette.

Dei viktigaste grepa vi alle kan ta for å hindre spreiing av virus er å ha fokus på god hand- og hostehygiene, jf. råda frå HDIR/FHI.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gir ikkje helsefaglig råd til enkeltpersonar, men viser til kontaktpunkta over.

Ved spørsmål på vegne av organisasjonar eller arrangement, viser vi til nettsiden til Folkehelseinstituttet.